Rundt om i verda står det enorme datasenter, fulle av blinkande datamaskinar og durande vifter.
På desse er e-postane, bileta og filene som du har lagra i ei «sky».
Dei svære serverparkane krev store mengder straum, og energikjelda varierer frå vasskraft til kol og kjernekraft.
– Vi ynskjer at folk skal kvitte seg med unødvendige e-postar, filer og programvare som krev energi og gir utslepp, fortel Elisabeth Nissen Eide.
Ho er leiar for berekraft i Atea Noreg. Saman med kollegaer har ho starta ein kampanje for å få eigne tilsette og andre til å rydde i sine digitale liv.
Fem om dagen
Ifylgje deira berekningar kan vi dekke den årlege straumbruken til 1000 husstandar om alle nordmenn sletta fire til fem e-postar kvar dag.
– Me ville ha enkle tal, som skapte klåre påstandar, forklarar Nissen Eide.
Ho legg til at utrekningar alltid vil vere forbunde med ei viss usikkerheit:
– Dei som ynskjer kan sjå over utrekningane på nettsida vår.
BEREKRAFT: Elisabeth Nissen Eide er opptatt av våre digitale fotavtrykk.
Foto: Daniel Jacobsen / Daniel Jacobsen– Meir straum enn heile Noreg til saman
I februar meldte Dagens Næringsliv at kryptovalutaen Bitcoin brukte meir straum enn heile Noreg til saman.
Politisk har etableringa av datasenter vore ei sak som har delt lokalsamfunn langs fleire konfliktaksar.
Før jul la Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ein analyse av ringverknadane av gjennomførte og potensielle datasenter i Noreg.
Fleire stader har lansert sitt kandidatur: Kalberg, Lista, Ballangen, Nordfjordeid, Mo i Rana, Leikanger, Vennesla, Gromstul, Holtskogen, Romerike og Tydal, for å nemne nokre.
8. april vart det klart at Time Ap går inn for full utbygging, og sikrar fleirtal for datasenter på Kalberg.
KALBERG: Det planlagde datasenteret i Time kan bruke over 5 TWH i året med full drift døgnet rundt. Det totale forbruket i Noreg var 135 TWH i 2019. Av dette vart 0,5 TWH brukt til datalagringssenter.
Foto: Arild Eskeland / NRKVinninga opp i spinninga
– Om den digitale utviklinga fortset slik som no, vil det digitale fotavtrykket vera mykje større enn det vi hadde frå flybransjen rett før koronautbrotet, seier Ingrid Schjølberg, professor i informasjonsteknologi ved NTNU.
Ho seier det er lurt å halde innboksen ryddig, men at det ikkje er e-postane aleine som skapar dei største utsleppa.
Ho viser til Netflix-serien Tiger King, som vart strøyma 34 millionar gongar i løpet av eit døgn, berre i USA.
Strøyminga slukte ein halv terawattime i løpet av 24 timar, seier Schjølberg.
– Til samanlikning brukar Noreg 150 terawattimar i året, totalt.
Det internasjonale energibyrået IEA har kritisert ein del av utrekningane knytt til strøyming og skytenester som har figurert i ulike media.
KREV STRAUM: Rundt om i verda står det enorme datasenter. Serverparkane krev store mengder straum, og energikjelda varierer frå vasskraft til kull og kjernekraft.
Foto: NyhetsspillerSlår begge vegar
Forskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall, seier at digitaliseringa av samfunnet slår begge vegar:
– Ved å sende e-post i staden for eit brev, lese ei avis på nett og ikkje papir, eller ha digitale møter i staden for fysiske, kan vi spare klima for mykje utslepp, forklarar han.
Han legg til:
– Problemet er at digitaliseringa gjev ei drastisk auke i forbruk. Det blir brukt meir energi på å strøyme musikk no enn då vi kjøpte LP- eller CD-plater, rett og slett fordi konsumet har eksplodert.
– Ein kan bli til veldig mange
Nissen Eide i Atea understrekar at det ikkje handlar om den eine e-posten, men om symbolkrafta i «ei digital vårreingjering».
– Om du tek ei digital opprydding, fortel du det gjerne til venar og familie, som blir inspirert. Samla sett kan éin sletta e-post bli til veldig mange, som elles ville skapt utslepp.
Presisering til artikkelen: 4. mai publiserte Faktisk.no ein faktasjekk som seier at IT-sektoren bidreg til ein god del utslepp, men at det ikkje er noko som tilseier at straumsparingspotensialet ved å slette fem e-postar om dagen er så stort som det Ateas berekningar tilseier.
NRK forklarer
Hvorfor vil noen lage verdens største datasenter i en av Norges minste kommuner?
Et rekordstort datasenter
Mellom fjord og fjell er det billig norsk strøm å hente. Norge er et attraktivt land for store strømkrevende datasentre.
Det er billig.

Slik skulle senteret se ut
Ballangen kommune trodde det moderne datasenteret ville gi 100 nye arbeidsplasser.
Det passet jo bra, arbeidsplasser var noe av det de trengte mest.
Fjernet elektrisk skatt
For å få datasentrene til Norge, gjør regjeringen noe lurt.
De setter ned den såkalte elavgiften – en avgift alle som bruker strøm må betale.
«Lav avgift og billig kraft, hurra!»

Sårt trengte arbeidsplasser
Etter at de gamle bergverksgruvene i Ballangen ble lagt ned på 60- og 80-tallet, forsvant mange arbeidsplasser.
I 2017 hadde de den største andelen arbeidsledige i hele Norge.
Nedturen
...men selskapet som skulle bygge datasenteret, ble kjøpt opp av et kanadisk firma.
De ville heller drive med utvinning av kryptovaluta – et like stort datasenter, men mange færre ansatte.
De ble lovet opp mot 100 arbeidsplasser, nå lå det an til å bli mellom 10 og 15.
Frem og tilbake
Det har vært mye frem og tilbake. Da regjeringen likevel mente datasentre skulle betale full elavgift, skapte det usikkerhet.
Sist i mai i år ombestemte de seg nok en gang.
Arbeidsplassene som ikke kom
...men i Ballangen var det for sent.
Tre år senere har ingen ting skjedd. Det er ikke noe datasenter mellom fjord og fjell,
Og arbeidsplassene så de aldri noe til.