Hopp til innhold

Fryktar Google vil øydeleggje drikkevasskjelde

Google planlegg det første datasenteret sitt i Noreg. Fleire er bekymra for utslepp i drikkevatnet til over 50.000 innbyggjarar.

Googles tomt utenfor Skien

Skien håpar at Google etablerer det første datasenteret sitt i Noreg i kommunen. Bildet er frå Statkrafts presentasjon av Googles tomt utenfor Skien.

Foto: Statkraft

Google har kjøpt ei 2000 mål stor tomt nord for Skien sentrum. Der planlegg datagiganten å etablere eit datasenter som vil vere det største dei har så langt i Norden.

Skien kommune drøymer om eit nytt og grønt industrieventyr. Skiensordfører Hedda Foss Five har store voner til ei mogleg Google-etablering.

– Viss Google bestemmer seg for å byggje på den tomta dei har kjøpt, trur eg vi snakkar om eit før eller etter-scenarie. Då vil vi merke store endringar i regionen, kanskje òg nasjonalt. Forventningane er kjempehøge, seier Five.

Ho feira med ei halv kake då Googles kjøp av tomt i Skien vart kjent 9. august i fjor.

I frysaren på rådhuset ligg den andre halvparten av kaka. Den skal etast den dagen Google bestemmer seg for å faktisk investere i eit datasenter i kommunen.

Politikarane i Skien vedtok nyleg at kommunen går inn med 11,5 millionar kroner til infrastruktur viss Google investerer.

Men ikkje alle er like positive til planane.

Drikkevasskjelde

Datasenter krev store mengder straum og kjøling.

For å kjøle ned datasenteret i Skien, blir planlagt ein fem kilometer lang kjølevasstunnel til Norsjø. Det er drikkevasskjelda til kommunen og forsyner 53.000 innbyggjarar.

Vatnet skal pumpast frå drikkevasskjelda gjennom tunnelen til datasenteret. Inne i datasenteret sirkulerer vatnet fleire gonger før det blir sleppt tilbake i Norsjø.

Espen Lydersen

BEKYMRA: MDG-politikar og professor i vasskjemi, Espen Lydersen, er bekymra for utsleppet av varmt vatn i Norsjø med eit Google-datasenter. (Arkiv)

Foto: Idrak Abbasov

– Ein geysir

Espen Lydersen er bekymra for utsleppet av varmt vatn i Norsjø. Han er MDG-politikar og professor i vasskjemi ved Universitetet i Sørøst Noreg.

– Norsjø er eit unikt vassdrag i norsk samanheng med laksefiske, rekreasjon og som drikkevasskjelde. Å sleppe ut varmvatnet i Norsjø, vil vere som å plassere ein geysir i djupvatnet, seier han.

Lydersen forklarer at innsjøar mesteparten av året består av to skilde vasslag. Det djupaste vasslaget ligg då stabilt og upåverka av sol og vind.

Øydeleggje barrierane

MDG-politikaren er mest bekymra for at varmvatnet kan øydeleggje barrierane og gjere drikkevatnet dårlegare. Men også biologien i innsjøen kan påverkast, seier han.

Planen som er på høyring, opplyser ikkje om kva temperatur vatna vil ha eller kor store vassmengder som skal sleppast ut. Men med eit tverrsnitt på 24 m2 tyder det på store vassmengder, meiner Lydersen.

Han reagerer på at miljøkonsekvensane for Norsjø ikkje blir vurderte før seint i prosessen.

– Det er å snu heile prosessen på hovudet, seier han.

Lite informasjon

Også Mattilsynet er bekymra for at vasskvaliteten kan bli påverka. Drikkevassforskrifta seier tydeleg at det er forbode å forureine drikkevatn.

– Norsjø er i dag drikkevasskjelde for både i Skien og Ulefoss. Mattilsynet kan ikkje godta tiltak som vil påverke vasskvaliteten negativt, seier Turid Opsund i Mattilsynet i Telemark.

Mattilsynet seier planforslaget gir lite informasjon om korleis tiltaket vil påverke vasskvaliteten. Dei har varsla innvendingar dersom dette ikkje blir ordentleg greidd ut.

– Det er førebels uvisst kor store mengder kjølevatn det er snakk om å sleppe ut i Norsjø. Det er òg uklart kva kvalitet og temperatur dette vatnet vil ha, seier Opsund.

Ikkje bekymra

Bjørn Drangsholt i Googles dotterselskap, WS Computing AS, har tidlegare uttalt at temperaturen på vatnet som blir tilbakeført, vil vere 25 grader. Det er ingen fare for at Norsjø blir forureina, informerte Drangsholt til politikarane i Skien i januar, ifølgje Telemarksavisa.

Google har så langt ikkje svart på NRKs førespurnad.

Skiensordfører Hedda Foss Five er ikkje bekymra.

– Alt som handlar om kjølevatn og løysingar rundt, skal behandlast av Fylkesmannen og NVE som faginstansar. Eg er veldig trygg på at den prosessen er i gode hender og at alt kjem til å vere på stell i samband med behandlinga, seier ho.