Hopp til innhold

Ber folk halde seg unna hjorten

Ein fem år gamal gut vart måndag biten i handa av ein hjort. No ber politiet folk om å halde avstand frå dyra.

Hendinga skjedde i skogen like ved eit byggjefelt på Havreneset i Florø. Den vesle guten skal ikkje ha blitt alvorleg skadd, men operasjonsleiar Per Rimmen seier nærkontakt med hjort fort kan blir farleg.

– Ein ting er at hjorten kan bite, men det som er endå farlegare er dersom ein skremmer hjorten slik at den røyser seg opp og vil sparke etter folk, seier Rimmen til NRK.no.

Det er ikkje klart kvifor guten kom så nære hjorten, men han slapp frå det med eit biten i ein finger. Rimmen seier det er mykje hjort i området og ber folk halde seg på avstand.

– Det er ei generell oppmoding: Ikkje gå bort til hjorten, men hald avstand. Spesielt ungar bør ikkje kome for nære, seier han.