Hopp til innhold

Trudde hjorten var daud, men det var før dei løfta han av gjerdet...

Ein hjort på jakt etter mat, blei hengande fast i eit stakittgjerdet på Kaupanger.

Hjorten heng fast på gjerde

ENDA HER: Hjorten prøvde å hoppe på gjerdet, men blei hengande fast (MMS-foto)

Foto: Kjell Egil Mo

Det er Sogn Avis som fortel historia om den stakkars hjorten som måtte reddast laus.

Kjell Egil Mo sette seg under verandaen for å ta seg ein røyk etter å ha gitt fuglane mat.

– Plutseleg oppdaga eg at det hang noko på gjerdet mitt, fortel han til NRK.no.

Var uskadd

Han trudde først hjorten var daud, fordi den låg heilt i ro. Men då han gjekk bort mot hjorten, såg han at det ikkje var tilfelle.

– Det blei plutseleg fullt liv i den. Eg prøvde å løfte den over, men den sparka så fælt at tok ikkje sjansen på å redde den åleine, fortel han.

Mo ringde viltnemnda og ein person var på plass etter få minutt. Det viste seg at hjorten ikkje var skadd, så dei to løfta hjorten av gjerdet.

– Den stod lenge og såg på oss før den gjekk under verandaen til naboen. Der blei den ståande ei stund før den sprang gjennom byggjefeltet og til skogs.

Tykkjer hjorten er ei plage

Mo bur på eit byggjefelt og fortel at det er veldig mykje hort i området.

– I skumringa kan det vere 30–40 hjortar rundt husa her. Seinast i dag tidleg var det sju hjortar i hagen min. Den eine likna faktisk på den som hang fast i gjerdet i går.

Han seier det har blitt mykje meir hjort i området dei siste åra.

– Eg føler det har eksplodert dei siste åra. Det er mykje meir dyr, men dei er mindre i storleik enn før. Eg veit ikkje kvifor det er slik.

Sjølv om han tykkjer hjortane er fine dyr, så opplever han det som plagsamt å ha dei så nær huset.

– Dei et opp fuglematen. Dersom eg fyller på med solsikkefrø om kvelden, er det ofte tomt når morgonen kjem.

Skremde kona

Det er ikkje berre om vinteren han tykkjer hjorten er plagsam.

– Ein gong hadde eg ei kasse med eple under verandaen, men då eg skulle ta den inn, var den heilt tom. Om sommaren nyttar det ikkje å plante noko, for stort sett er plantene vekke om morgonen, fortel han.

Dei er også veldig nærgåande og søndag kveld fekk kona seg ein skikkeleg støkk.

– Eg hadde lagt meg då kona kom springande opp trappa. Då hadde ho plutseleg oppdaga at hjortar stod og kikka inn vindauget og glodde på TV-en. Ho blei skikkeleg skremd.

Men det er ikkje berre på Kaupanger at ein hjort måtte reddast. Sogn Avis fortel også om ein forkommen hjort i Balestrand som blei berga i siste liten.