Hopp til innhold

NRK-avsløring om prostituerte i thaimassasje-miljøa: – Omfanget er særdeles sjokkerande

Reaksjonane let ikkje venta på seg etter at Brennpunkt har avslørt prostitusjon og menneskehandel ved massasjesalongar i Noreg.

Thaimassasje Bergen Brennpunkt

PROSTITUSJON: Rundt 75 prosent av salongane Brennpunkt har undersøkt tilbyr seksuelle tenester.

Foto: Anette Berentsen

Denne veka har Brennpunkt avslørt at «happy ending» og ekstratenester på massasjesalongar blir tilbode i heile landet.

Gjennom to år har dei kartlagt salongane, og finn mellom anna ut:

  • Over 80 massasjesalongar i Noreg fungerer som bordell for omreisande kvinner.
  • Mange av salongane er involvert i hallikverksemd, prostitusjon og mogleg menneskehandel
  • 75 prosent av salongane i sentrumsnære strok i Bergen, opna for å selje sex.

Massasjestudio

Fleire av massasjesalongane i landet tilbyr thaimassasje med seksuelle tenester.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Tenkjer ikkje på seg sjølv som offer

NRK var til stades da fleire i politiet i Bergen såg dokumentaren for fyrste gong.

Dokumentaren gjorde inntrykk på politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt.

Politiet jobbar for å avdekka hallikverksemd og prostitusjon, gjennom kompetansegrupper på tvers av landet.

I dokumentaren blir arbeidarar, utleigarar, og salongeigarar konfrontert.

Hallikparagrafen, slik den står i dag, skapar utfordringar for korleis politiet nærmar seg menneske i ein sårbar situasjon, meiner Henriksen.

– Me tenker kanskje på dei som offer, men dei gjer det ikkje sjølv. Dei har av og til vanskeleg for å snakka med politiet, seier Henriksen.

– Særdeles sjokkerande

Byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik (Ap), seier han blei opprørt av funna i dokumentaren.

– Det er ikkje sånn at me ikkje veit at slike salongar finst, men det er omfanget som er særdeles sjokkerande, seier Bakervik.

Han har allereie hatt møter med politiet denne veka, og vil ha justisministeren på banen.

– Menneskehandel er noko av det verste som finst i samfunnet vårt, og me må gjera alt me kan for å få slutt på det, seier Bakervik.

NRK har prøvd, men ikkje fått svar frå Justisdepartementet.

Politiadvokat Jørgen Henriksen

Politiadvokat Jørgen Henriksen seier det er mange som spring frå ansvaret sitt i denne saka.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Bekymra for tvang

Politiadvokat Henriksen meiner det er vanskeleg å plassera ansvaret for situasjonen på ein stad.

– Det er mange som spring frå ansvaret sitt. Det er ein marknad som finst i Noreg, og folk som tener pengar på dette. Så ansvaret kan ein fordela mange plassar, seier Henriksen.

Bjarte Schrøen er politioverbetjent i avsnitt for menneskehandel i Vest politidistrikt. Han er uroa for mørketal.

– Det er heilt klart store mørketal. Bekymringa vår er at det skal vera personar som blir tvinga til dette, som ikkje blir fanga opp av dei normale mekanismane, seier Schrøen.