Hopp til innhold

Beinhard kamp om hekkeplassane på ferjelemmen

Måsen har hatt fast revir på ferjelemmen i årevis, men måtte i år gje tapt til ein aggressiv og hekkeklar konkurrent.

Hekkekamp på ferjekai

MÅTTE GJE TAPT: Måsen til høgre i biletet ser betutta bort på konkurrenten.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Ferjekaia Måren i Høyanger har i år vorte arena for ein hønekamp utan like. Trass i dei daglege ferjeanløpa, er kaia nemleg ein attraktiv hekkeplass for det lokale fuglelivet.

I år måtte ein betutta måse finne seg ny hekkeplass, etter å ha blitt utkonkurrert av ein nykommar med sans for livet ved fjorden.

Les også: Her leikar borna knapt éin meter frå tiuren...
Les også: Men «kviten» var ikkje noko snøball

Frå reiret lenger borte på kaia, kan ikkje måsen anna enn å skue misunneleg bort på tjelden, som har lagt seg til rette på yndlingsplassen.

– Eg har mine tvil om tjelden la gullegget, då ferjelemmen er i bevegelse med fleire anløp for dagen, skriv tipsaren Eirik Elnes, fuglevenn og maskinist på MS Tansøy.