– Vi har fått besøk av ein tiur. Han var her i går også, og så kom han att i dag, seier David Randal (10).
Elevane ved Slåtten skule i Førde strekkjer friminuttet litt ekstra i begge endar for å få med seg mest mogleg av den nye medeleven.
– Det var litt artig at han kom att i dag. Det er litt kult. Eg har aldri sett ein tiur før, fortel Aurora Furnes Degnepoll (8).
- Les også:
Lurer på kvifor han ikkje er redd
Då tiuren var på besøk tysdag heldt han seg på taket på eine skulebygningen. Men onsdag var han langt meir nærgåande, utan at nokon tykte det var plagsamt.
– Han sit her i leikestativet, og det er jo ikkje så langt opp til han, seier Randal.
Trass i at fleire hundre ungar susa rundt i fri flyt, såg ikkje tiuren til å late seg plage det minste av det.
– Han verkar ikkje redd i det heile, seier Randal.
– Det er litt rart, for fuglar pleier å reise når vi nærmar oss. Men denne tiuren berre står her. Eg veit ikkje kvifor, seier Degnepoll.
Men at den nye eleven er velkommen på skulen, er ungane klare på.
– Det er kult. Kanskje kjem han att i morgon også, seier Degnepoll.
- Les også:
Brukar tiuren i undervisninga
Rektor Turid Hatlem tykkjer det er stas at elevane hennar får sjå ein tiur på nært hald.
– Det var veldig spennande i går. Plutseleg såg vi at det sat ein stor fugl på eitt av taka våre. Han vart sitjande iallfall ein time før han flaug, seier Hatlem.
Ho trur lærarane nyttar sjansen til å undervise litt ekstra om storfugl, sidan dei er så heldige å ha eit eksemplar av arten på besøk.
– I første time var det mange av lærarane som tok med seg elevane sine ut slik at dei fekk sjå på han, seier Hatlem.
- Les også:
Kjem seg nok når vi kjem til mai
Seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking, John Atle Kålås, stadfestar at dette er noko som skjer kvart einaste år.
– Det er rett og slett ein liten feilkopling som hannane av og til opplever i speleperioden. Hannane vert litt rare og vert meir nærgåande enn vanleg, seier Kålås.
Han legg til at så lenge dei ikkje er aggressive, fører det sjeldan til problem.
– Det er ei fantastisk moglegheit til å få studere tiuren på nært hald. Når kalenderen nærmar seg mai, returnerer nok tiuren tilbake til skogen og oppfører seg på meir normalt vis, seier Kålås.
- Les også: