Hopp til innhold

Barnehageselskap må betala tilbake millionar

Akasia barnehage AS må betala tilbake over 28 millionar kroner som dei har fått i offentleg støtte. Det var i april 2020 at Bergen kommune sende millionkravet til selskapet, etter at dei hadde ført økonomisk tilsyn med kjeda. I juli same år klaga barnehagen til Statsforvaltaren i Vestland. Dei har no stadfesta kommunen sitt vedtak, og Akasia barnehage AS må betala tilbake støtta.

Statsforvaltaren skriv at dei, som kommunen, har kome fram til at fleire barnehagar i kjeda har vesentleg lågare personalkostnad per heiltidsplass enn tilsvarande kommunale barnehagar. Det er brot på den tidlegare barnehagelova, som var gjeldande då selskapet fekk tilskotet. Marianne Svege, seksjonsleiar for utdanning- og verjemålsavdelinga hjå Statsforvaltaren seier tilstrekkeleg bemanning er eit av dei viktigaste kriteria for god kvalitet i barnehagane.

– Når ein brukar mindre midlar på det enn det ein skal, så tenkjer me at det er alvorleg, for det går direkte utover kvaliteten til barna, seier ho.

Kommunen opna tilsyn med selskapet i august 2018. Tilsynet dei gjorde dekker perioden mellom 2014 og 2017.

Akasia Råtun barnehage (fotografert 26.06.2019)

Kirkeeid barnehagekjede må punge ut 28,1 millioner: – Svært kritikkverdig

Akasia Barnehager AS må betale tilbake 28,1 millioner kroner som selskapet har fått utbetalt i kommunal støtte. Kommunen reagerer sterkt på at flere av barnehagene har vært underbemannet.