– Etter nokre talar skulle ungane sleppe alle ballongane samtidig. Det reagerte eg veldig på. Dei kjem jo ned igjen og hamnar i naturen, og det er unødvendig, seier Birgit Tansøy.
Ho var ei av mange foreldre som møtte fram for å sjå ungane på turnstemnet i helga. I tillegg ville ho hente inspirasjon til neste år, når heimbyen Førde skal vere arrangør.
– Vi merka oss både positive og negative ting, men dette måtte eg sei frå om at vi ikkje ville ha i Førde, seier Tansøy.
Ho fekk også vite frå andre foreldre at både dei og mange av barna hadde reagert på ballongane.
– Alle foreldra eg snakka med hadde tenkt på det same. Folk er blitt meir bevisst på ikkje å kaste ting i naturen, legg ho til.
Lite gjennomtenkt tradisjon
– Det å ha ballongar i stemnet har blitt gjort i fleire år. Det er kjekt for ungane og ser fint ut i opptoget, så derfor fortsette vi den tradisjonen, seier Torill Eide Tennebø i arrangementskomiteen.
Ho innrømmer at det ikkje var nokon diskusjon rundt ballongane i forkant av stemnet.
– Vi burde kanskje tenkt oss litt meir om i forkant, så vi vil legge til i evalueringa at neste arrangør kan droppe det.
Naturvernforbundet kallar det «litt korttenkt», og peikar på fokuset som har vore på plastforsøpling i naturen den siste tida. Mellom anna saka om Gåsenebbkvalen som blei funnen med 30 plastposar i magen.
– Å sleppe ut heliumballongar på denne måten bidrar til forsøpling av naturen, så vi skulle så klart ønske det ikkje hadde skjedd, seier leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg.
Vil ha færre ballongar på nasjonaldagen
Med 17. mai rett rundt hjørnet er det tid for norske flagg og kroneis, men også høgsesong for heliumballongar.
Lundberg meiner folk bør la ballongane vere, og heller sjå på korleis ein kan lage morosame festar som ikkje fører til plast i naturen.
– Når 17. mai kjem håper eg at fleire vel flagg og bjørkeris framfor heliumballongar.
- LES OGSÅ:
Naturvernforbundet sine frivillige finn ofte ballongar i fjæra når dei ryddar strendene.
– Vi må alle ta oss saman og ikkje bruke unødvendig mykje plast, konkluderer Lundberg.