Hopp til innhold

Storfilmen Hemnen kan bli realitet

Fylkesdirektøren tilrår at filmprosjektet skal få 150 000 kroner i tilskot.

I morgon skal plan- og næringsutvalet avgjere om storfilmen Hemnen får tilskotet på 150 000 kroner.

Filmprosjektet vart starta heilt tilbake i 1999, og 11 års førebuing kan snart bere frukter. I motsetnad til andre filmprosjekt i Noreg, baserer Hemnen seg kun på direkte pengestøytte- og ikkje på fond.

Randi Førsund som står bak filmplanane er spent på utfallet.

- Eg er glad for at Fylkeskommunen har tru på prosjektet, seier Førsund i forkant av avgjerdsla.

-Det vi treng

Trass i at det framleis står att ein del att av prosjektet trur Førsund at 150 000 kroner vil vere det som trengst for at innspelinga kan starte i Ytre Sogn til sommaren.

- Det er ein del teknisk og praktiske ting som skal på plass... finansiering osv, men vi har stor tru på det om vi får pengane.

- Vi er til for å hjelpe

Fylkesdirektør for plan og næringsutvikling, Jan Heggheim, vil gjerne at fylkekommunen hjelper prosjektet i gang.

- Vi er til for å hjelpe prosjekt framfor til fødsel, seier Heggheim.