Hopp til innhold

Bakke: Vonar å få behalde måltjuven Otoo ut sesongen

SOGNDAL (NRK): Sogndaltrenar Eirik Bakke er overtydd om at andre klubbar vil sikle etter å sikre seg Mahatma Otoo etter at spissen no har opna skåringsballet.

Otoo

SOLID KAMP: Mahatma Otoo jublar etter skåringa som sikra Sogndal siger og tre viktige poeng mot Haugesund.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi veit jo at Mahatma ikkje blir lenge i Sogndal. No når han byrjar å skåre mål også, så forsvinn han på eit tidspunkt. Vi får berre håpe at vi får behalde han ut året. Han er ein viktig spelar for oss. Det er moro for han at han blir matchvinnar igjen, seier Eirik Bakke til NRK.

Mahatma Otoo sikra tre poeng for Sogndal heime på Fosshaugane fredag kveld, etter ei perle av ei skåring etter 33 minutt i 1. omgang. Med sju poeng av 12 moglege er dette den nest beste eliteseriestarten for Sogndal nokon gong.

Sterk forsvarsinnsats

– Vi er svært nøgde med sesongstarten. Det er utruleg viktig at vi vinn på heimebane, og det er ein fullt fortent siger. Fantastisk innsats av gjengen, slår Bakke fast.

Etter kampen var Bakke full av lovord, både om målskårar Otoo, men også om dei andre som kjempa med nebb og klør for å halde nullen bak. Særleg målvakt Mathias Dyngeland, som trenaren meiner har utvikla seg enormt.

– Vi har halde nullen i tre kampar på rad og det er betryggande. Vi held fram litt sånn som i fjor, og det er viktig å byggje vidare på det. Vi spelar fotball, vi står høgt i bana og har to spissar som jobbar knallhardt. Mange som skal ha honnør for at vi held nullen.

(Artikkelen held fram under videoane)

Dagens målscorar mot Haugesund

GLADGUT: Mahatma Otoo etter kampen mot Haugesund. Reporter: Arve Uglum / Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Bakke sine menn var best på Fosshaugane og vann 1-0 over Haugesund

NØGD TRENAR: Eirik Bakke rosar innsatsen til laget sitt etter 1-0 sigeren heime mot Haugesund. Reporter: Arve Uglum / Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Takka Gud og kameratane

Måltjuven Mahatma Otoo var som vanleg ganske så ordknapp etter kamp, og nytta høvet til å takke både lagkameratar og Gud for målet.

– Eg takkar Gud for at det gjekk bra. Eg har sjølvtillit no, og vil prøve å skåre i kampane framover også. Veldig glad i dag. Eg kunne laga fleire mål i dag, så eg må berre jobbe hardt vidare, sa Otoo, vel vitande om at han raskt kjem i større klubbar sitt søkjelys no framover.

Høgmo på Fosshaugane

LIKTE KAMPEN: Landslagssjef Per-Mathias Høgmo var gjest på Fosshaugane fredag. Her saman med styreleiar Tor Arne Ness, Ingvar Stadheim og Yngve Hallén.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..