Hopp til innhold

Vaniljekremkrise i heile landet – bakeri får ikkje bakt skulebrød og solskinsbollar

Fleire bakeri over heile landet slit med å få tak i vaniljekrem. Krigen i Ukraina og korona er del av årsaka.

Skoleboller

POPULÆRE: Snart er solskinsbollane utan solskin i fleire bakeri over heile Noreg. Årsaka er blant anna mangel på maisstivelse.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Skuffelsen vart stor for dei som ynskja seg bolle med vaniljekrem hjå bakaren i Førde denne veka.

I bolledisken stod nemleg følgande beskjed:

«Tine har leveringsproblem med vaniljekrem, derfor ingen bollar med vaniljekrem.»

Tine har leveringsproblem med vaniljekrem, derfor ingen bollar med van.krem

Dette skiltet møtte kundane til Erketunet i Førde. – Kundane blir sjølvsagt skuffa, men tar det greitt, seier eigaren.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Som mange andre bakeri bestiller Erketunet ferdiglaga vaniljekrem frå leverandørar som Tine, Idun og Pals.

Men no har ikkje den populære, gule kremen vore tilgjengeleg på nærare ein månad, fortel eigar av bakeriet, Jenny-Marie Håland.

– No er det så godt som tomt. Det er sjølvsagt kjedeleg. Fire av våre mest populære bollar inneheld vaniljekrem, seier ho.

 Jenny-Marie Håland hos Erketun bakeri i Førde

Eigar av Erketunet hevar seg over vaniljekremmangelen og tenker nytt og kreativt.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Manglar viktig ingrediens

Både Pals, Tine og Idun stadfestar at dei har problem med å levere den ferdiglaga vaniljekremen til kundane sine i Noreg.

Administrerande direktør i Pals, Trond Petter Aarø, seier årsaka er ein kombinasjon av fleire problem.

– Nokre av underleverandørane våre manglar maisstivelse til kremen på grunn av krigen i Ukraina. Andre manglar produksjonsutstyr til å laga kremen, fortel han.

Aarø seier dei framleis ser konsekvensane av koronapandemien, med varer som ikkje kjem fram når dei skal.

Kommunikasjonssjef hos Tine, Sindre Ånonsen kan fortelje at dei har hatt trøbbel med ei viktig ingrediens i kremen.

Ved bakeriet Erketun baker de nå andre boller.

Ved Erketunet kan ein no få kjøpt bollar med til dømes kesam og blåbær, eller rabarbra.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

– Stabilisatoren me har fått har ikkje vore av kvaliteten vi treng, og har gitt mykje meir tyntflytande krem enn produktet skal vere, seier han.

Han fortel at dei ikkje hadde noko nødlager då leveransane byrja å svikte i mai. No har han likevel gode nyheiter som gjer at bakeria kan forvarme omnane og heva deigane.

– Me har noko etterslep, men me reknar med å få levert som normalt frå midten av juli.

Finst alternativ: – Ikkje alltid gode nok

Aarø legg til at det finst alternativ til den ferdiglaga kremen, som pulvervariantar der kunden må vispe kremen sjølv.

– Men det er ikkje alltid lett for store bakeri å laga all kremen sjølv. No håpar me på ei snarleg løysing, seier Aarø, som ikkje ser lys i skulebolletunnelen før etter sommaren.

Også Brit Bjørkli i Idun seier dei har alternativ gul krem, men at mange kundar vil ha den dei alltid har hatt.

– Det er ikkje alltid at erstatninga blir gode nok for kundane våre. Til sjuande og sist er det forbrukaren som bestem om dei likar vaniljekremen eller ikkje.

Kanelbollar

På bakeriet i Førde er det no andre bollar.

Foto: Nikolai Helgås / NRK

No blir det andre bollar

For Jenny-Marie Håland i Førde blir det ikkje aktuelt å laga eigen vaniljekrem med det første.

– Me brukar så store mengder at det har me ikkje kapasitet til. No får me berre tenkje kreativt.

Ho har tatt sjansen og laga tre nye typar bollar, for å kompensere for dei ho ikkje kan laga med vaniljekrem.

Men bakaren innrømmer at det ikkje er heilt tomt på lageret, enno.

– Eg har spart aller siste pose til laurdag. Då kjem det mange kundar som har lyst på vaniljesnurrar. Men så er det slutt, seier ho.