Hopp til innhold

Avviklar Førde ølutsal AS

Selskapet Førde ølutsal AS vert avvikla frå 30. juni. Det vedtok generalforsamlinga torsdag kveld. Dermed misser sju personar jobbane sine.

Førde Ølutsal
Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Generalforsamlinga i Førde ølutsal AS vedtok torsdag kveld å leggje ned selskapet etter at politikarane i Førde har vedteke at butikkane skal få selje øl frå 1. juli..

- Selskapet skal leggjast ned. Det har ikkje noko hensikt å drive ølutsal når grunnlaget for å drive vert vekk, seier styreleiar i Førde ølutsal AS, Arnstein Neset.

Kan bli sal dersom nokon vil kjøpe

Han fortel at det var semje på generalforsamlinga om å gå for ei nedlegging av selskapet.

- Det kan jo vere snakk om eit sal dersom det kjem ein kjøpar som vil ha det. Men intensjonen er avvikling av selskapet, seier Neset.

Nedlegginga vil gå svært raskt, og om knapt ein månad er ølutsalet dermed historie.

- Selskapet blir avvikla frå 30. juni, seier Neset.

Per i dag er det to fast tilsette i tillegg til fem deltidstilsette i selskapet.

- Dei fekk oppseiinga i kveld, seier Neset.

Førde ølutsal AS er eigd av Førde kommune (53 %) og Førde industri og næringsskipnad (FINS) (47 %).

Butikkane må byggje om

Tidlegare i dag vedtok politikarane i Førde bystyre at butikkane kan få selje øl. Men dei må byggje om slik at dei alkoholhaldige varene ikkje står for synleg i butikkane.

Rådmann Ole John Østenstad

SKEPTISK: Rådmann Ole John Østenstad har vore kritisk til å opne for ølsal i butikkane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Rådmannen har heile tida vore kritisk til å opne opp for ølsal i butikkane, og har rådd politikarane til å ikkje gjere eit slikt vedtak.

Rådmannen bad difor om at politikarane stilte visse krav til butikkane, dersom dei gjekk inn for ølsal i butikk.

– Butikkane må skjerme ølvarer for innsyn, så dei må gjere nokre tiltak før dei kan starte salet, seier rådmann i Førde, Ole John Østenstad til NRK.no.

I praksis er det snakk om veggar som hindrar folk i å få innsyn til dei alkoholhaldige varene.