Hopp til innhold

Skuffa over ølpol-avgjerda

Norvall Nøringset (SV) er skuffa etter at bystyret i Førde vedtok å opne for butikksal av øl.

Norvall Nøringset

SKUFFA: Norvall Nøringset sine partifeller Helge Schei og Ole Fosse Fardal avgjorde spørsmålet om ølpolet i Førde. Arkivfoto.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Nøringset er på studietur til Bulgaria, og måtte dermed melde avbod til bystyremøtet torsdag.

SV-politikaren har kjempa for å behalde ølpolet, medan vararepresentant Helge Schei røysta for.

– Det måtte vel skje før eller seinare at vi tapte ei slik avrøysting, seier ein skuffa Nøringset.

Viktigare med førebygging

– Ja ja, det er no folk frå Arbeidarpartiet som har stemt mot tidlegare og no gjekk inn for det. SV har aldri hatt tradisjon for å binde folk i personlege spørsmål, held Nøringset fram.

Etter ein kring to timar lang debatt sette politikarane i Førde punktum for det siste kommunale ølpol i landet. Og det med knappast mogleg margin.

For det som var tippa til å bli 14–13 i favør av ølpolet, enda med 14–13 i favør av butikkøl. Det etter at Ole Fosse Fardal (SV) skifta side i 12. time.

– No er det andre saker som er mykje, mykje viktigare for kommunen å ta fatt i, slik som førebyggande arbeid. Var ikkje det viktig før, så blir det endå viktigare no, seier Nøringset.

– Var ikkje vanskeleg

Frå talarstolen presiserte partifelle Schei at han har eit restriktivt syn på alkohol, men at han likevel meiner at eit ølpol har marginal effekt på alkoholsalet.

– Mitt syn på dette har vore velkjent i årevis. Eg har hatt eit anna syn på dette i SV, og har møtt som vara tidlegare, og vore av dei som ville ha øl i butikk, seier Schei.

– Er det ikkje problematisk å komme inn i ei så betent sak som vara og stå for eit heilt anna syn enn den du er vara for?

– Eg tenkte ikkje mykje på det. Dette har vore ei sak som har vore så mykje omdiskutert og eg har hatt mitt klare syn på dette. Sidan det ikkje finst noko dokumentasjon på at ølpol har ein alkoholpolitisk effekt, så tykte eg ikkje det var vanskeleg for min del.