Hopp til innhold

Avslutta Malakoff: – Utan tvil det største vi har gjort

NORDFJORDEID (NRK): Det vart ei stor oppleving for Kjartan Lauritzen å avslutte Malakoff laurdag. – Det er berre for sjukt, seier han.

Kjartan Lauritzen Malakoff

AVSLUTTA: Kjartan Lauritzen avslutta Malakoff 2018 på hovudscena laurdag.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kjartan Lauritzen og makkerane hans avslutta Malakoff med ein konsert på hovudscena laurdag kveld. Det var ein sveitt men nøgd gjeng som møtte NRK i ei av dei små raude hyttene i backstage-området etter konserten.

Hovudpersonen sjølv, som kjem frå Balestrand og eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne, hadde vanskar med å sette ord på korleis det kjendest å avslutte festivalen.

Kjartan Lauritzen

FANS: Kjartan Lauritzen vart godt motteken av publikum på Nordfjordeid.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det går ikkje an å forklare det ein gong. Det er berre for sjukt, seier han.

– Ein klarer ikkje heilt å oppfatte kva som skjer der og då. Det er først no det går opp for meg. Vi har stått i publikum på Malakoff sikkert ti gongar og sett heltane våre avslutte festivalen, og i kveld stod vi på scena. Det skal eigentleg ikkje gå an.

Med seg på scena hadde Kjartan den faste makkeren Daniel Lisæth, også kjend som «Adeo», i tillegg til storebror og DJ Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne. Dei er alle einige i at det var ei stor oppleving å stå på Malakoff-scena.

– Eg vil bøye meg i støvet for heile Nordfjordeid. Dette var heilt sinnssjukt, det er noko av det største vi har gjort nokon gong, seier Adeo.

– Det er utan tvil det største vi har gjort, skyt Kjartan inn.

Publikum Kjartan Lauritzen

FOLKEHAV: Det var mange som møtte opp for å sjå Kjartan Lauritzen avslutte Malakoff 2018 laurdag.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Den beste festivalen i Noreg

Kjartan fortel at han aldri hadde trudd han skulle få lov til å avslutte det han kallar den beste festivalen i landet.

– Malakoff er ein festival som betyr mykje for oss, og som har vore ein del av oppveksten vår. No har vi sett mange festivalar, og dette er med handa på hjartet den beste i Noreg. Å få lov til å avslutte den er noko eg aldri i min villaste fantasi hadde trudd skulle skje.

Kjartan Lauritzen Volvo

VOLVO: Kjartan Lauritzen hadde med seg to Volvoar på konserten.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

På konserten hadde gruppa med seg to Volvoar. Ein dei køyrde inn på scena med, og ein som stod ute blant publikum.

– Det er dei to favorittbilane mine. Eg eig den eine, så eig ein kamerat av meg den andre. Eg tenkte at Malakoff måtte få sjå desse glansbilda av nokon bilar, seier Kjartan.

Ifølgje Kjartan og gjengen skal det mykje til for å toppe opplevinga frå laurdagskvelden på Malakoff.

– Eg kan garantere at det ikkje kjem til å verte toppa i slutten av dette året eller første halvår neste år. Det kjem ikkje til å skje, seier Adeo.

– Det må eventuelt vere om vi ein gong fyller Oslo Spektrum, eller får spele for 100.000 menneske på Roskilde, men eg tør ikkje tenke på at noko sånt kan skje, avsluttar Kjartan.