– Dei spør meg om det er lange dagar her, men eg svarer at det er så mykje å sjå på, seier Olai Tefre, som er pasient ved Førde omsorgssenter.
Utsikta er for tida prega av bygginga av ei ny bygate som skal gå rett forbi aldersheimen.
Men fred og ro er ikkje det den pensjonerte mjølkebonden er mest oppteken av.
– Når eg sit her, er det kjekt at det er noko variasjon i det eg ser på, seier han.
Liv og røre
På sosiale medium er det fleire som har ergra seg på vegner av bebuarane på aldersheimen.
Refrenget er at dei eldre fortener ro og stille, ikkje støy og bråk frå arbeidarar og anleggsmaskiner.
I underetasjen ved aldersheimen er dei eldre damene nett ferdig med morgontrimmen.
– Somme er glad i litt liv og røre. Eg trur mange liker at det rører seg i omgjevnadane, seier Gudrun Flatjord.
Om dei fekk valet, ville ikkje dei bytta plassen frå sentrum til nokon isolert naturperle.
– Det er viktig med forandring ikring seg. For meg er det viktigaste å kunne sjå ungdomen hoppa av stad til skulen, seier Bjørg Vie.
Vil heller sjå mot bygdelivet
Liknande erfaringar har dei gjort seg på det nye omsorgssenteret i Svelgen i Bremanger kommune, nokre mil unna.
Panoramautsynet utover fjella og fjorden skulle vere rosina i pølsa ved denne eldreheimen.
Men idet bebuarane skulle få velja romma sine, var det berre to som ønska seg denne utsikta.
Alle andre ville ha romma på andre sida av bygget – dei med sikt mot barneskulen, bilvegen og idrettsanlegget.
– Det var ein augeopnar for oss, seier fagleiar ved Svelgen omsorgssenter, Line Kjøsnes.
Å vere vendt mot bygdelivet inkluderer dei eldre i lokalsamfunnet, fortel ho.
– Hendingar på idrettsbana og på bilvegen blir naturlege samtaletema.
Trekkjer mot hendingar
– Vi får stadig meir innsikt som underbyggjer at sjukeheimar bør leggast til levande og sentrale omgjevnadar, anten om det er nær bysentrum eller i tettstader på landet, seier Frode F. Jacobsen.
Han er professor ved Senter for omsorgsforskning, ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
For dei mest skrøpelege på sjukeheimane er det desto viktigare at dei kan ta del i aktivitetar som dei sjølve ikkje set i gong, seier professoren, og kallar det «passiv aktivitet».
– Det vi har sett er at bebuarar på eldreheimar ofte trekkjer seg bort frå kostbare vinterhagar og heller samlar seg ved trappeoppgangen eller heisen, der det skjer ting.
Opnar opp aldersheimane
I 2019 blei kvalitetsreforma for eldre, «Leve hele livet» sett i verk av Solberg-regjeringa.
Reforma er meint for å betre helse- og omsorgssektoren i kommunane og skape «eit aldersvenleg Noreg».
– Eit tiltak er å skape betre møteplassar på tvers av generasjonar, seier forskar Hilde Hatleskog Zeiner ved by- og regionforskingsinstituttet ved Oslomet.
Ho har fått i oppgåve å leie evalueringa av reforma.
– Tiltak kan vere å kombinere aldersheimen med studentheim eller barnehage, slik som er gjort på Ladesletta i Trondheim, eller å samlokalisere omsorgsbustader med kulturhus og kjøpesenter som ved Haram omsorgssenter.
Å opne opp institusjonane for samfunnet og vice versa, skildrar ho som eit stemningsskifte innanfor eldreomsorg.
– Det vil vere relevant i samband med planlegginga av nye omsorgssenter, så endringar vil ta tid, men det er absolutt tankar som har slått rot.