Hopp til innhold

Avisteiknaren er spent på konsekvensane for ytringsfridomen

Sandensaren Marvin Halleraker si kommentarteikning etter åtaka på ein magasinredaksjon i Paris, har fenga mange. Han innrømmer sjølv at hendinga spreier frykt, men håpar ytringsfridomen ikkje må lide.

Avisteiknar Marvin Halleraker er spent på kåra for ytringsfridomen framover.

FRYKT: Som teiknar kjenner han på frykta når han kommenterer ekstremistiske haldningar, men teiknaren Marvin Halleraker håpar ytringsfridomen ikkje må lide for åtaket i Paris.

Foto: Ellen Lande Gossner/Faksimile BT 15. januar 2015

– Eg er spent på kva dette får å seie for ytringsfridomen. Den er grunnleggande både her og i Frankrike. Ein skulle kanskje tru det ville føre til meir frykt, og det vil det vil ei viss grad kanskje gjere, men det verkar også som folk får nok også, seier teiknaren frå Sandane.

Då meldingane om hendingane i Paris tikka inn til Bergens Tidende sin redaksjon onsdag, var det han som fekk i oppdrag å teikne framsida på dagens avis. Resultatet vart svarte patronar frå skytevåpen som ligg blanda med fargerike teiknestiftar, saman med overskrifta «Vi er Charlie».

Ein vanskeleg jobb

12 personar vart drepne då terroristar tok seg inn i magasinlokala i Paris og skaut rundt seg. 11 personar er framleis såra etter åtaket, og to av gjerningsmennene er framleis på frifot, medan den tredje gjerningspersonen overgav seg til politiet torsdag. Over 80 000 personar jaktar på dei som står bak.

– Eg var prega av det som hadde skjedd, og det var ein krevjande jobb. Eg skalv på henda. Nettopp ved slike høve vil ein ikkje rote til teikninga, fortel Halleraker.

Han har arbeidd som teiknar i 30 år, og har teikna for Bergens Tidende frå 1990. Han har også levert teikningar til Vårt Land, Morgenbladet og Aftenposten, og illustrert fleire bøker.

Kjenner på frykta

Som teiknar er det ikkje første gong han kjenner på frykta. I 2005 publiserte den danske avisa Muhammedkarikaturane, som førte til stor debatt om ytringsfridom og også konfliktar mellom vestlege land og den muslimske verda.

– Når ein gjer jobbar som har med ekstremisme å gjere, så kjenner ein på eit anna ubehag enn når eg kritiserer den katolske kyrkja for overgrep mot smågutar og liknande, seier han.

Sjølv finn han det ikkje naturleg å teikne for å provosere, men ynskjer å sette illustrasjonane inn i relevante kontekstar.

– Eg ser at nokon meiner teikninga mi i Bergens Tidende var for slapp, men det er ikkje slik eg jobbar. Eg teiknar det som til ei kvar tid vil fungere best til saka eg teiknar til.