Hopp til innhold

Håvar varsla om at rektor mobba, men fylkeskommunen trudde ikkje på han

Håvar følte på ei ekkel stemning då han byrja på skulen. Men då 45-åringen varsla, enda det med at han sjølv måtte slutte.

Håvar var tilsett ved Måløy vidaregåande skule

HAN VARSLA: Håvar fortel at han gjorde si plikt som leiar i Vestland fylkeskommune då han varsla om at rektor stod bak systematisk mobbing og trakassering ved skulen han jobba.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er klart det har vore tungt, fortel Håvar.

Den tidlegare avdelingsleiaren ved ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane ser ned på den omfattande dokumentbunken i saka.

I rapporten frå varslingsutvalet i Vestland fylke blir det slått fast at rektoren ved skulen stod bak «systematisk mobbing og trakassering» av tilsette.

NRK har valt å ikkje bruke etternamnet til Håvar av omsyn til identifisering av rektor og skulen det gjeld.

Då han i desember i fjor varsla fylkeskommunen om forholda ved skulen, vart det i staden oppretta ei personalsak mot han.

– Dei ville ikkje godta at det var ei varslingssak, seier 45-åringen.

– Såg frykta i augo

Håvar byrja i den nye jobben i august 2020. Raskt fekk han ei dårleg kjensle. Fleire av kollegaene verka nervøse, og litt etter litt forstod han at dei var redde for rektor.

Dei var redde for å gjere feil, for å bli sette opp mot kvarandre, for få kjeft eller for å bli omplasserte. 45-åringen definerte det som ein fryktkultur.

Som avdelingsleiar følte han på ansvaret, og bestemte seg for å ta saka opp med rektor.

I ein e-post til ein tilsett i fylkesadministrasjonen skildrar han eit av møta med rektor som «svært ubehageleg», at han vart utsett for «løgn og truslar» og at det var «langt verre enn han hadde frykta».

Oppretta personalsak mot varslaren

I desember sende han eit varsel mot rektor til Vestland fylke. Han fekk eit overraskande svar tilbake. I staden for å opne ein varslingsprosess, vart det oppretta personalsak mot han.

Samtidig vart tilhøvet mellom rektor og Håvar meir og meir spent. Til slutt følte han det umogleg å jobbe vidare ved skulen. 1. januar i år sa han opp som avdelingsleiar.

– Sjølv om eg skreiv under på at eg slutta frivillig, følte eg meg pressa til å slutte på dagen. Sluttavtalen han skreiv under på vart sendt på e-post frå rektor, vedkomande han hadde varsla mot.

NRK har ved fleire høve vore i kontakt med rektor, men vedkomande ønskjer ikkje å kommentere saka.

Bilde av avtale

SA OPP JOBBEN: Håvar skriv under på at han sa opp jobben. E-posten fekk han frå rektoren han varsla mot. Rektoren er no omplassert.

Foto: Bård Siem / NRK

Uromelding frå 17 tilsette

Det at Håvar gjekk frå jobben på dagen, skapte sterke reaksjonar blant kollegaene. Dei følte at administrasjonen ofra den nytilsette avdelingsleiaren for å «løyse» arbeidsmiljøproblemet.

Dette resulterte i ei uromelding frå 17 kollegaer. Dei påpeika at det er viktig å få sett ein stoppar for «ukulturen» ved skulen og at arbeidsmiljøet gjer dei «utrygge og frustrerte».

Dei ber om at det blir handla raskt, slik at skulemiljøet igjen kan bli «fritt for trakassering, mobbing og frykt». Uromeldinga gjekk til verneombodet ved skulen og til fylkeshovudverneombodet.

Dei 17 kollegaene skreiv også eit støtteskriv til Håvar der det heiter at han har gjort ein «framifrå jobb» at han har «svært gode leiareigenskapar».

Viktig informasjon vart ikkje sendt vidare

Både fylkeshovudverneombodet og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Vestland tok kontakt med administrasjonen i fylkeskommunen.

Dette resulterte i at administrasjonen no vedgjekk at det handla om eit varsel. Fylkeskommunen sitt eige varslingsutval skulle sjå på saka i si fulle breidde.

Men viktig informasjon frå Håvar sitt varsel vart aldri sendt vidare til varslingsutvalet.

Håvar får støtte frå Hilde Kvamsås Aa, som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Vestland.

Ho har følgt varslingssaka tett og meiner det var heilt feil å definere dette som ei personalsak. Ho stadfestar også at viktig informasjon ikkje vart sendt vidare.

Hilde Kvamsås Aa, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet, Vestland.

KRITISK: Fylkeskommunen har gjort fleire alvorlege feil i varslingssaka, meiner Hilde Kvamsås Aa, som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Vestland.

Foto: Bård Siem / NRK

I midten av april sende ytterlegare fem tilsette ved skulen inn varsel om at fryktkultur og mobbing.

– Det er særleg grovt at mobbinga og trakasseringa har vore systematisk og at det har halde på over tid, seier fylkeshovudverneombod i Vestland, Jorunn Bakke Johannessen.

Knusande dom

Varslingsutvalet kom fram til at saka måtte handsamast på nytt. Denne gongen ville varslingsutvalet snakke direkte med dei seks varslarane.

Dette resulterte i ein knusande rapport der det vart konkludert med at fleire tilsette har vore utsette for systematisk trakassering og mobbing, og at det var ein fryktkultur ved skulen.

Utvalet kunne ikkje sjå at kulturen ved skulen var basert på tillit, openheit og takhøg, slik fylkeskommunen sine etiske retningsliner har som mål.

Varslingsutvalet peika til slutt på at fylkeskommunen må kvalitetssikre interne rutinar for å ta imot og handsame varsel grundig nok. Dette for å unngå at tilsette let vere å varsle om kritikkverdige forhold.

Meiner han gjorde si plikt

Håvar har fått varslingssaka litt meir på avstand, men ho gjer framleis vondt.

Kunne du gjort noko annleis i saka for å unngå at konflikten eskalerte?

– Eg gjorde mi plikt som leiar i Vestland fylkeskommune då eg varsla. Alle som er vitne til trakassering, mobbing og fryktkultur pliktar å handle, seier han. Om det er noko han skulle gjort annleis, vil Håvar gjerne ha tilbakemelding på det.

45-åringen fortel at han ikkje lenger har tillit til Vestland fylkeskommune sine rutinar for varsling.

Håvard Fagerli var tilsett ved Måløy vidaregåande skule

VILLE HJELPE DEI ANDRE: Alle som er vitne til trakassering, mobbing og fryktkultur pliktar å handle, meiner Håvar (45).

Foto: Bård Siem / NRK SOGN OG FJORDANE

Skal evaluere

Sist onsdag vart det kjent at rektor ved skulen går av og at vedkomande byrjar i ny jobb som seniorrådgjevar i fylkeskommunen.

Fylkeskommunedirektør i Vestland, Rune Haugsdal, fortel at han vil følgje opp og avslutte varslingssaka på ein god måte.

– Men korleis kunne det skje at det vart oppretta personalsak mot varslaren og at viktig informasjon om varselet ikkje vart sendt vidare til varslingsutvalet?

– Eg ønskjer ikkje å konkludere på den eine eller andre måten, men dette er ei sak vi heilt sikkert kan lære noko av. Vi skal ha ei grundig evaluering av heile prosessen, seier Haugsdal. Han vil ikkje kommentere om den knusande konklusjonen frå varslingsutvalet har ført til at rektor har fått åtvaring eller er ilagd andre sanksjonar.