Hopp til innhold

Opplevde marerittet og overlevde

På nokre minutt stod sjarken i full fyr. Rune Eilertsen (52) opplevde alle fiskarar sitt store mareritt – og overlevde.

Eilertsen har vore fiskar heile livet og ante fred og ingen fare då han var på seifiske vel halvanna time vest av Solund måndag ettermiddag.

Men då røyken byrja sive ut av motorrommet vart idyllen plutseleg til ein kamp på liv og død. Fiskaren frå Byrknesøy i Gulen hadde marginane på si side.

- Eg har hatt flaks og er svært glad eg overlevde, seier Eilertsen til NRK.no.

Såg røyken sive ut frå motorrommet

52-åringen la ut på seifiske og hadde fiskelukka med seg dei første to-tre timane. Like før klokka 13 var han i kontakt med medeigaren på sjarken og kunne fortelje at alt stod bra til.

Men på nokre minutt forandra alt seg.

- Eg la merke til at det kom røyk ut frå maskinrommet, og det seiv ut av fôringane på sida av båten, fortel Eilertsen.

Med stø skritt gjekk han inn i styrehuset for å finne ut kvar røyken kom frå.

- Eg opna luka til maskina, men det var så mykje røyk at eg berre måtte smelle den igjen. Så gjekk eg og fekk på meg overlevingsdrakta, fortel Eilertsen og legg til:

- Eg torte ikkje gå ned i maskina, for då ville eg kunne risikere litt av kvart.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Eilertsen berga livet då han hoppa frå ein brennande sjark

BERGA LIVET: Rune Eilertsen (52) klarte å halde seg roleg då sjarken hans byrja brenne. Det berga truleg livet hans.

Foto: Silvergreen/privat

Innhylla i tjukk røyk på minutt

Minuttane som følgde gjekk fort. Eilertsen fekk kalla opp Kystradioen i Florø og sendte ut «mayday». Fleire båtar varsla at dei var i nærleiken og ville gå mot den brennande sjarken. Til alt hell var eit frakteskip i område.

- Eg visste at det var i nærleiken, og når eg i tillegg viste om dei andre båtane var eg alltid trygg på at eg skulle bli berga, seier Eilertsen.

I det som kanskje var ti minutt stod 52-åringen bak på dekk og såg flammane bli større og større. Sjarken som er av plast vart på få minutt innhylla i svart tjukk røyk, men Eilertsen vart ståande på dekk så lenge som mogleg.

- Då eg såg at Silver Lake var byrja nærme seg var det byrja brenne så kraftig at eg berre måtte kome meg vekk. Eg kasta meg i sjøen og fekk padla meg vekk på rygg, fortel fiskaren.

– Fokuserte på å berge livet

I tillegg til frakteskipet Silver Lake var også redningsskøytene «Ragni Berg» og «Utvær» sendt ut til havaristen. I tre-fire meter høge bølgjer vart skipperen liggjande i kring 20 minutt før han vart plukka opp av ein MOB-båt frå Silver Lake.

- Eg såg aldri på klokka. Eg tenkte på å berge livet.

- Var du redd?

- Eg var ikkje så veldig redd, eg klarte å tenke klårt slik at eg kunne berge meg sjølv. Å redde båten tenkte eg ikkje så mykje på, seier Eilertsen.

Vil tilbake på sjøen

Båten stod etter kort tid i full fyr. Vel halvanna time etter at Eilertsen sende ut naudsignalet var båten så godt som utbrent. Kva som var årsaka til brannen vil ein truleg aldri finne ut.

- Det var ingen eksplosjon, men det kom røyk frå lugaren. Kva som skjedde får vi nok aldri vite, seier Stein Inge Larsen som er medeigar av sjarken som gjekk ned.

Sjølv med ei svært dramatisk oppleving friskt i minne har ikkje Eilertsen teke skrekken.

- Det er klart det er sårt sjå båten sin gå opp i flammar, men det er betre at det var båten enn det var meg. No må eg berre få tak i ein ny båt, for eg skal på sjøen att.