Hopp til innhold

Desse karane må på jobb, sjølv om det bles orkan

For desse karane er seks meter høge bølgjer kvardagen. Dette er arbeidsplassen deira, uansett vêr og vind.

Video Jobb i dårleg ver

INGA UNNSKYLDNING: Karane på redningsskøyta må ut, uansett kor grov sjøen er.

Nokon må ut uansett. Dei har styggevêret som arbeidsplass. I over ei veke har storm og uvêr herja langs kysten av Norge.

Er på vakt fire veker i slengen

Medan dei fleste vel å halde seg innandørs, er det nokon som må ut. Uansett vêr og uansett bølgjehøgd. Mannskapet på redningsskøyta R/S Halfdan Grieg er vane til at det både gyngar og bles.

– Ja, vi er på. 24 timar i døgnet i fire veker i slengen, seier båtførar Per Bergmann.

Redningsskøyta held til i Måløy. Derifrå er det ikkje langt ut til grov sjø og orkan i kasta. Redningsskøyta brøyter seg gjennom bølgjene så sjøspruten driv mot rutene.

Er ikkje køyringa som er problemet

Ikkje alle oppdrag er redningsaksjonar. Nokre dagar gjennomfører dei rutineoppdrag nedover langs kysten. Men uvêret merkar ein godt i den vesle båten.

– Når det er såpass med sjø so no, tek vi det litt med ro. Då går det mykje betre enn om vi går for full fart, seier Bergmann.

Han legg til at det ikkje er noko problem å køyre båt i skikkeleg ruskevêr.

– Men viss du skal hjelpe ein båt, og setje slep på han, då er det med ein gong litt meir utfordringar, seier Bergmann.

Ingen sjøsjuke om bord

Bølgjene når gjerne opp i seks meter, men Bergmann har aldri vore plaga med sjøsjuke. Heldigvis.

For i natt er det igjen meldt full storm ved Stad. Då er det best å vere budd.