Hopp til innhold

Aukande fare for gras-, lyng- og skogbrann

Meteorologisk institutt varslar om brannfare for heile Vestlandet.

Grasbrann i Lærdal

TURT GRAS: Dette bilete er frå ein grasbrann i Lærdal 3. april 2018.

Foto: Jan Erikstad

Sol og fint vêr den siste tida har ført til at det er svært tørt der det ikkje lenger ligg snø. Sjølv om det er utsikt til nedbør denne veka er det ikkje nok til at brannfaren går ned.

– Det er venta litt nedbør i slutten av denne veka, men det blir nok ikkje i så store mengder at det vil dempe brannfaren, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

I Sør-Noreg har det vore turt i neste heile april. Det er og venta vind dei næraste dagane.

– Det gjer jo ikkje saka betre. Så lenge det ikkje kjem noko nedbør av betydning så vert det berre turrare og turrare, seier Wiberg.

Oppjusterer farenivået

Ho reknar med at fram mot helga kan området som i dag er på gult farenivå, bli oppjustert til oransje som er det nest høgaste nivået for brannfare.

Statsmeteorolog Siri Wiberg Horjen svarer NRK.nos brukere om juleværet.

SVÆRT TURT: Statsmeteorolog Siri Wiberg.

Foto: NRK

– No har det vore turt så lenge at sjølv om det kjem nokre dropar, så fører det berre til at brannfaren går ned ei lita stund før den stig igjen, seier Wiberg.

Tysdag er Lærdal, Sogndal og Stryn allereie på oransje nivå, medan det venta at det fram mot helga også blir oppjustert til oransje i Fjaler og Leikanger, og fleire kommunar vert oppjustert til gult.

Brannfare

BRANNFARE: Fleire stader i fylket aukar no brannfaren.

Ber folk respektere brannfaren

Ved alarmsentralen i Florø oppmodar Terje Birkeland folk om å respektere brannfaren.

– Det er ikkje utan grunn at kommunane i Sogn og Fjordane no har innført totalforbod mot bålbrenning. Det er fordi det no er svært turt, seier Birkeland.

I tillegg er det på denne tida av året mykje dødt og turt gras, særleg i utmark som lett kan ta fyr.

– Og største årsaka til det er uvettig bruk av til dømes eingongsgrillar, seier Birkeland.

På grunn av den store skogbrannfaren i år forsterka DSB skogbrannberedskapen med tre skogbrannhelikopter i beredskap rett før påske.

– Vi ber no folk om å ta omsyn til forbodet fram til at vi har fått nedbør og forbodet vert oppheva, seier Birkeland.