Hopp til innhold

Åtvarar nysgjerrige turgåarar etter kjemperas

– Hald dykk unna rasområdet! NVE med klar oppmoding etter eit fleire hundre meter breitt ras i Sogn natt til torsdag.

Ras har sperret fortunselva i indre Luster

Ras har sperra Fortunselva i Luster.

– Det er framleis skredfarleg. Vi veit jo fort at det går folk opp igjennom slike gjel og skal kikke og ta bilete. Det vil vi på det sterkaste åtvare folk mot å gjere. Hald dykk unna.

Det seier regionsjef i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Aart Verhage.

Enorme mengder med stein rasa natt til i dag ned i Øyabotngjelet langt inne i Fortunsdalen i Luster. Raset sperrar Fortunselva og det har bygd seg opp demningar.

Stort ras i Fortunsdalen.

OPPDEMT: Dronebildet syner korleis raset har demt opp elva i gjelet.

Foto: Hydro Energi

Har varsla på SMS

– Det kan kome nye ras, det er store krefter i sving her, seier Verhage.

Sidan det er lite vassføring i elva no etter tørkesommaren, har styresmaktene førebels valt å ikkje evakuere innbyggjarane i Fortun og Skjolden.

– Men vi har sendt ut SMS til om lag 350 personar i dalføret og varsla dei om det som har skjedd, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Vegen forbi rasstaden fører opp til den populære DNT-hytta på Nørdstedalseter.

– Folk kan stoppe på vegen og ta bilete, men gå for all del ikkje bort i rasområdet, slår Verhage i NVE fast.

Det var mannskap frå Hydro Energi som oppdaga raset tidleg torsdag morgon. Dei sendte då opp drone for å sjå, men då var det framleis nær null sikt på grunn av støvet frå raset.

– Vi varsla vidare til styresmaktene, slik vi skal gjere, seier kraftverksjef for Hydro i Sogn, Johnny Bruheim.

Aart Verhage

SKRED-SJEF: Aart Verhage er regionsjef i NVE.

Foto: Lina Asheim Breidablik / NVE

Vil følgje nøye med

Kor mykje stein som har kome ned er vanskeleg å seie, men raset er fleire hundre meter breitt og har kome frå om lag 450 meter opp i den bratte fjellsida.

– Saman med med Hydro og kommunen skal vi gjere vurderingar i morgon og dei næraste vekene på kva vi skal gjere. Vi må jamnleg no følge med kva som skjer og korleis utviklinga er, seier Verhage i NVE.

Dei vurderer no å setje opp ein radar som kan overvåke fjellområdet for å kunne varsle i tide dersom det kjem nye ras.

– Vi gjer dei skredfaglege og flaumfaglege vurderingane. Dersom vi meiner at dette medfører fare for dei bur lenger ned, så varslar vi politiet og kommunen. Det er dei som eventuelt står for evakuering, ikkje NVE.