Denne stølsvegen må Andreas bygge opp att årleg

SKJOLDEN (NRK): Kvar vår blir vegen tatt av flaum – men elva er verna. No vil grunneigaren finne den rette balansen mellom vern og tryggleik.

Andreas Wiese skjolden mørkridsdalen

ÅRLEG PROSJEKT: Store steinmassar vitnar om flaumen sine herjingar snart to år sidan. No bur bonde Andreas Wiese seg på at gjenoppbygginga truleg blir eit årleg prosjekt.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Nedover dalsøkket bak stølen til Andreas Wiese renn Brattegrovi. Ho ser lita og snill ut, men enorme steinmassar og øydelagd skog vitnar om kva ho er god for.

– Dei siste åra har eg avfunne meg med at det berre er å halde ein gravemaskinentreprenør i beredskap, så ein får rydda opp att, seier gardbrukaren.

Han peikar mot den nye vegen fram til stølen. Kvart år kjem vassmassane og vaskar vekk vegen, og kvar gong må Wiese reparere han.

– Dette er ein liten veg, men me er avhengige av at mjølkebilen kjem fram, seier han.

For mange kommunar er ikkje regulering av vassdrag berre eit spørsmål om kraftinntekter og naturvern. Om elva er verna eller temt, påverkar sjølve livet til dei langs breddene.

I regulerte vassdrag kan kraftprodusentane tappe ned magasina i forkant av vårløysinga, og slik hindre at alt smeltevatnet kjem på ein gong.

– Fått kontroll på massane

Brattagrovi renn gjennom Mørkridsdalen, som blei verna i 2009. Føremålet er mellom anna å bevare beitemarker og stølsvollar.

Sjølve Mørkrisdalselvi, som Brattegrovi renn ut i, blei verna i 1986.

Wiese ser for seg ei løysing i dalen der det blir tatt omsyn til både vern, tryggleik og næring.

– Eg meiner at eit småkraftverk oppe i gjelet ikkje hadde medført noko synleg inngrep, samstundes som det ville hatt mykje å seie for stølsdrifta. Ein kunne fått kontroll på massane og samstundes produsert straum.

Andreas Wiese skjolden mørkridsdalen

BEITE: I dalføret bak beitet ser ein Brattagrovi, som seinast for to år sidan viste kva krefter som låg i den no tilsynelatande beskjedne elva. – Dyra trivst her og det er viktig for oss å få drive med denne stølsdrifta, fortel Wiese.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Åtvarar mot vårflaum

Denne veka varsla Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om fare for vårflaum i store deler av landet. Farenivået i Mørkridselva blei sett til oransje.

Regionsjef i NVE Vest, Brigt Samdal, peikar på skilnaden mellom dei uregulerte og regulerte vassdraga. Dei har best kontroll med dei sistnemnde, seier han.

Brigt Samdal - NVE

SNØMENGDER SKAPAR FLAUMFARE: Brigt Samdal, regionssjef i NVE region Vest, seier dei jobbar med å ruste kommunar og grunneigarar for ein potensiell vårflaum.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Naturen er lunefull og vanskeleg å føresjå, men der ein har utbygging er det aktørar som har god kontroll og styring på situasjonen.

Han legg til at «me må attende til 1958 for å finne tilsvarande snømengder i fjellet», og at NVE i tida framover vil prioritere å spreie kunnskap om korleis kommunar og grunneigarar kan bu seg på vårflaumen.

– Dei vanvettige øydeleggingane eit vassdrag kan gjere

Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen (Sp), har hausten 2018 friskt i minnet.

Store delar av bygda vart rasert då elva fløymde over.

– Berre i løpet av ein time steig elva med ein meter, medan me stod og såg på. Det synte dei vanvettige øydeleggingane eit vassdrag som er «ute av kontroll» kan gjere, seier han.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

RUSTA PÅ NY: Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, seier grunneigarane i bygda har joba iherdig etter skadane frå storflaumen i 2018.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Han føretrekk elver som er regulerte.

– Då har ein god overvaking frå fagfolk, og moglegheit for å magasinere vatn og tappa ned i framkant av ein flaumperiode.

Klamrar seg til håpet

Attende i Mørkridsdalen håpar Wiese at grunneigarane langs elva har krefter til å handtere enda ein storflaum. Om han ikkje kjem no, så kjem han ein annan gong.

– Me høyrer at ekspertane er bekymra for at me får ein flaum. Det er me sjølvsagt ikkje glad for, men me kan ikkje gjere så mykje meir enn å håpe at det går bra.