Hopp til innhold

Åtvarar mot spegelglatte vegar i morgontimane

Mildvêret som har kome til eit vinterleg fylke, gjer at det no er glatt mange stadar i Sogn og Fjordane.

Brøytebil

GLATT: Brøytebilsjåfør Kristian Vinsrygg fortel at det er flekkvis glatt på strekninga mellom Stryn og Lote.

Foto: Kristian Vinsrygg

Brøytebilsjåførar NRK har snakka med seier dei må strø jamt for å gjere dei glatte vegane køyrbare.

Dei låge temperaturane i bakken gjer at regnet som no fell, mange stadar fort frys til is når det landar i vegbana.

– Så lenge det regnar jamt, går det greitt, men så snart det er ei pause i nedbøren går det ikkje lenge før regnet i vegbana frys til is, seier ein sjåfør vi har snakka med.

Flekkvis glatt

På fylkesveg 698 mellom Stryn og Lote er det flekkvis glatt.

– Vi har køyrt på ganske mykje sand no, seier brøytebilsjåfør Kristian Vinsrygg.

Han fortel om svært vekslande køyreforhold.

– Vi vekslar mellom å brøyte og å strø alt etter kvar vi er, seier Vinsrygg.

Han seier at det akkurat no er mest glatt litt oppe i høgda.

Glatt mange stader

Meteorologisk institutt melder om at det er glatt i ytre strok i fylket. Elles har vi fått tips om at det kan vere glatt på følgjande vegstrekningar:

  • Markane mellom Styn og Kjøs
  • E39 Moskog og inn mot Førde
  • På Fv 609 mellom Førde og Askvoll
  • Mellom Svelgen og Grov