Hopp til innhold

Åtvarar mot kryssing av jernbanen: – Me har fleire gongar opplevd å nesten køyre på folk

Mange nyttar påskeferien til å gå på ski i vakre omgjevnadar. Bane Nor åtvarar no mot skigåarar som trassar loven og kryssar sporet.

Skispor i togspor

PÅ FEIL SPOR: Her ser ein fleire skispor i togbanen.

Foto: Lokførartvillingane

Sjølv om det er pandemi, går det like mange tog som før.

I påska er det mange som nyttar tida til å ta skia fatt, òg i område der det køyrer tog. Bane Nor minner om at skituren blir best viss toget og skigåarar aldri møtest.

– Spor etter skiløparar på kryss og tvers

Harry Korslund er kommunikasjonsrådgjevar i Bane Nor, som for tida har ein haldningskampanje for å unngå at folk kryssar feil spor.

Han meiner påska er spesielt utsett, då det naturlegvis er mange som er på fjellet på denne tida.

– Me ser dessverre at det er spor etter skiløparar på kryss og tvers på jernbanenettet, seier Korslund.

Harry Korslund

ÅTVARAR SKIGÅARAR: Harry Korslund i Bane Nor seier folk ikkje må ta nokon sjansar.

Foto: Thomas Martinsen / NRK

Han trekkjer fram strekninga mellom Ustaoset og Finse som den verste.

Korslund seier at sjølv om det er ulovleg å krysse spora, så skjer det ofte. Og toga er vanskelegare å oppdage.

– Toga kjem fort, dei kjem stille og dei har ingen moglegheit til å svinge utanom, forklarar Korslund.

Før i tida lagde toga meir lyd, og dei tuta oftare. Dei moderne toga som vert brukte i dag, er nesten lydlause. Når dei er innkapsla i snøfonner er dei endå stillare.

Arbeidstog over Hardangervidda

ARBEIDSTOG: Til høgre i biletet ser ein spor av skiløparar som har vore i næraste laget.

Foto: Bjørn Løne / Spordrift AS

Trur ikkje folk forstår risikoen

Ein av dei som kjenner til togstrekningar betre enn dei fleste, er Halldis Folkedal. Ho er lokførar, og driv twitter-kontoen «Lokførartvillingane» saman med systera si.

Denne veka la dei ut eit bilete av skispor i togsporet.

Folkedal opplever at folk tek fleire sjansar, og at dei ikkje veit kor farleg det er.

– Me har fleire gongar opplevd å nesten køyre på folk. Det set ein veldig støkk i lokføraren, seier Folkedal.

Lokførartvillingane

LOKFØRARTVILLINGANE: Halldis og Gudrun Folkedal køyrer tog, og trur ikkje folk veit kor farleg det er å krysse sporet.

I Bane Nor sin synergirapport kom det mellom anna fram at ein familie hadde kryssa sporet då toget kom mot dei i 100 kilometer i timen.

Toget køyrde over ein pulk, og lokføraren trudde at han hadde køyrd over ein unge. Heldigvis var det berre proviant i pulken, og ingen vart skadd.

Nesten ingen overgangar

Det er svært få plassar ein lovleg kan krysse togspor. Det er òg få gjerde og hindringar mellom naturen og togsporet, av omsyn til dyr langs strekninga.

– På Upsete er det ein plass der ein kan gå under banen, men utover det er det nesten ingen, seier Folkedal.

Det er òg viktig å hugse på at gods- og arbeidstog ikkje følgjer rutetabellen.

Nokre plassar vert det rapportert om at fastbuande kryssar sporet og føler seg trygge, fordi dei kan rutetabellen.

Ifølgje Pål Buset, som er prosjektleiar i Bane Nor, er dette ein dårleg idé.

– Folk må hugse på at det tidvis går godstog og arbeidsmaskiner på linja. Desse følgjer ikkje same tidsskjema som vanlege persontog, åtvarar Buset.

Kryssing av jernbanespor

BORN I SPORET: Dette synet er ikkje så uvanleg å sjå på Finse.

Foto: Bjørn Løne / Spordrift AS