No ber Ann Renate Helgås folk sjekke seljarane grundig før dei kjøper Idol- billettar over internett.
Ann Renate Helgås er frå Naustdal, men bur i Oslo. Ho skulle kjøpe billettar til tanteungen sin i Førde, søskenbarnet, og mødrene deira, som ville sjå Idol-showet i Oslo Spektrum.
Betalte depositum
Idol-fansen i Førde må nok nøye seg med å sjå samfylkingen Håkon Njøten på TV. (Foto: Knut Fjeldstad, Scanpix)
Gjennom Finn.no kom ho i kontakt med ein som hadde billettar. Men han hadde freista å sende billettane til andre kjøparar i postoppkrav, utan at dei hadde blitt henta, hevda han. Difor ville han ha depositum, for å sikre seg. Helgås gjekk med på å betale 200 kroner i depositum, og var godt nøgd med å ha sikre seg billettar.
Men billettane dukka ikkje opp. Og Helgås har ringt og sendt tekstmeldingar til mannen, utan å få svar. Seinare såg ho at den same mannen hadde lagt ut billettar under eit anna namn, men med det same telefonnummeret.
Ber folk vere skeptiske
Helgås er ikkje så oppteken av at ho har tapt 200 kroner, men er lei seg fordi dei to i Førde gleda seg til Idol- finalen.
No ber ho folk vere skeptiske til folk som vil seier dei sel Idol- billettar.