I breva vert det kravd at vinnaren betaler inn ein pengesum for å få ut "gevinsten", seier direktør for Lotteritilsynet. Atle Hamar.
- Rein svindel
Atle Hamar
Lotteritilsynet har i sommar fått mellom 8 og ti henvendingar kvar dag om slike falske lotteri. Meldinga om den store gevinsten kjem i brev eller på e-post frå utlandet. Mottakaren blir beden om å betale eit gebyr for å få utbetalinga.
I følgje Økokrim har fleire nordmenn betalt inn opp til 100.000 kroner for å få ut "gevinsten".
Hamar kallar dette for rein svindel, og ber folk vere mistenksame om dei vinn store premiar utan å ha teke lodd.
Aksjonar i Spania
123 personar vart i fjor arresterte då spansk politi aksjonerte mot eitt slikt falsk lotteri. Tusenvis av falske kredittkort og pass vart beslaglagde. Men framleis eksisterer liknande falske lotteri, som også mange nordmenn er blitt offer for.
Gi aldri personopplysningar
Lotteritilsynet åtvarer no mot desse lotteria, og seier at folk må hugse at dei aldri kan vinne i eit lotteri dei ikkje har delteke i. Og godkjende lotteri krev aldri at vinnarar må betale noko som helst for å få ut gevinsten.
Lotteritilsynet seier og at ein aldri må gi personopplysningar til selskap eller lotteri ein ikkje kjenner.