Hopp til innhold

Krev pengar frå dotrengde turistar

Innehavar av Videseter Hotel er grundig lei av turistbussar som stoppar og let passasjerane gå på do.

Videseter

IKKJE GRATIS DO: Innehavar Per Garen ved Videseter Hotel er lei av at turistar nyttar toaletta ved hotellet utan å leggje igjen pengar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det er ikkje våre gjester. Dette er gjester som bur på andre hotell, dei et på andre hotell, drikk på andre hotell og søv på andre hotell, seier Per Garen.

Han er innehavar av Videseter Hotel i Stryn, og peikar på at hotellet ikkje har kapasitet til å ta seg av umeldte busslastar som stoppar for å sjå på Videfossen og bruke toalettet.

- Avhengig av inntekter

Garen meiner det ikkje er rett at hotellet sit igjen med heile rekninga når bussar med cruisepassasjerar nyttar toaletta til hotellet.

- Det som er problemet er at vi må utvikle området, samstundes som vi har ein heil masse gjester som ikkje skal ha noko - bortsett frå å gå på do eller parkere. Vi må jo ha ei inntekt for å kunne utvikle forholda for dei, seier han.

Skal sjå fossen - ikkje gå på do

Ifølgje Geiranger & Nordfjord Cruise Handling er det ikkje ofte bussane stoppar på Videseter utan at turistane også et lunsj på hotellet.

- Vi stoppar der det fordi passasjerane våre skal få ei moglegheit til å sjå Videseterfossen, som Vegvesenet har brukt masse ressursar på å setje i stand for allmenta, seier dagleg leiar Bjørg Næss.

Ho legg til:

- Om nokre nyttar høvet til å gå inn på do, torer ikkje eg å seie, men det er ikkje eit dostopp på Videseter vi legg opp til.

Vil ha 500 kroner per buss

No ønskjer Per Garen at bussane skal betale for å stoppe på Videseter. Han legg opp til at reiseselskapa må ut med ti kroner per passasjer - tilsvarande 500 kroner for ein fullasta buss.

Men det er ifølgje Næss heilt uaktuelt.

- Vi kan ikkje bli tredd ned over hovudet 500 kroner i utgifter per buss sånn midt i sesongen, seier ho.

- Kan det bli aktuelt å betale neste år?

- Nei. Våre prisar for 2011 er sette for lenge sidan, understrekar den daglege leiaren.

Rettar seg etter hotellet

Det kan dermed det bli færre turistar som får sjå vassmassane i Videfossen på nært hald.

For om ikkje bussane er villege til å betale for seg, ønskjer Garen at dei finn andre plassar å stoppe på.

- Vi må berre rette oss etter det, dersom det blir utfallet, seier Næss.