Hopp til innhold

Cruiseskipa tek gjester frå hotella

- Vi har store utfordringar. Utanlandstrafikken er langt nær på same nivå som den var for ti år sidan, seier Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand.

Cruiseskipet Boudicca ved kai i Olden

AUKANDE CRUISETRAFIKK: Cruiseskipet Boudicca ved kai i Olden. Olden er ei av fleire cruisehamner som vil få ein auke denne sommaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sigurd Kvikne

TAPAR UTANLANDSKE GJESTER: Sigurd Kvikne

Foto: Steinar Lote / NRK

Fjordhotella opplever det Kvikne kallar ei dramatisk endring i besøkstala frå utlandet.

- Vi hadde i underkant av 10 000 færre gjestedøgn frå utlandet i 2009 i høve til 2000, seier Kvikne.

Tapande fjordhotell

Sigurd Kvikne er ikkje den einaste hotellstyraren som ser at gjestene hans seglar forbi på fjorden utanfor hotellet hans.

Fretheim hotel i Flåm, Mundal hotel i Fjærland og Raftevold hotel i Hornindal tapte alle pengar både i 2008 og 2009.

Sigurd Kvikne har samanlikna tal frå 2000 med tal frå 2009.

- Det er fleire destinasjonar på Vestlandet som har ein tilbakegang på 30-40 prosent i talet på utanlandske gjestedøgn.

Utviklinga skjer samstundes som cruisetrafikken går mot nok ein rekordsommar.

Mot ny rekordsommar

Det er venta heile 132 cruiseskip inn Sognefjorden denne sommaren.

- Talet på skip til Norge vil auke med omlag 15 prosent, opplyser Wenche Nygård Eeg, direktør i Cruise Norway.

Norge er allereie den leiande cruisedestinasjonen i Nord-Europa.

- Mange føretrekkjer cruisereiser fordi då har dei ein forutsigbar økonomi. Dei betalar heile reisa på førehand og unngår å vere usikre på valutasvingningar.

Avviser at cruise stel turistane

Nygård Eeg vil ikkje vere med på at det er cruiseskipa som er skuld i fjordhotella sin nedgong.

- Det vert ikkje riktig å seie at cruiseskipa er ein konkurrent til fjordhotella. Eg vil heller seie at cruiseskipa er eit supplement til hotella.

Både cruisehamnene i Olden, Skjolden og Flåm vil auke talet på besøkande i år. Direktøren meiner hotella må klare å tilpasse seg den nye trenden med cruiseturisme.

- Kanskje hotella ikkje er nytenkande nok, spør Nygård Eeg.

Cruise tek gjester

Cruisetrafikken tek heilt klart gjester frå hotella, seier Wenche Salthella, bransjesjef i NHO reiseliv.

Salthella meiner hotella må forsøke å få til samarbeid med cruiseskipa.

- Dei må prøve å utvikle pakkeløysingar slik at cruisesturistane ikkje berre reiser forbi på fjorden.

Håp om betring

Etter finanskrisa og fleire år i motbakke ser det litt lysare ut for hotella framfor denne sesongen. Også Kvikne seier bestillingane er betre enn dei tidlegare åra.

- Dette er førehandsbooking, så gjeld det å sjå kor mange som faktisk kjem.

Walaker Hotel i Solvorn opplevde ein rekordsommar i fjor. Også bestillingane føre årets sesong er lovande.

Nordmenn vel ferie i Norge

Trass dyster utvikling frå utlandet siste åra, kan hotella gle seg over at stadig fleire nordmenn vel å feriere i eige land.

Til dømes er 80 prosent av gjestene på Walaker Hotel norske. Dei merkar difor ikkje endringar på grunn av auken i cruisetrafikken.

Også Salthella i NHO reiseliv ser at fleire nordmenn vel Norges-ferie.

- I år ser vi ein 13 prosent auke i talet på gjestedøgn av nordmenn, seier Salthella.