Hopp til innhold

Åtvarar butikkar mot å dele ut eingongshanskar: – Gir ein falsk form for tryggleik

Både smittevernlegar og FHI meiner eingongshanskane i daglegvarebutikkane kan medføra større smittefare.

Eingongshanskar i butikk

IKKJE ANBEFALT: Trass i at mange butikkar gir ut plasthanskar ved inngangen, er dette ikkje anbefalt frå verken helsedirektoratet eller FHI. Bruken av slike hanskar vert sett på som ei potensiell smittekjelde.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg tek hanskane på for å ikkje smitte nokon og ikkje verte smitta sjølv, seier Laila Lindøy.

Ho er blant dei mange kundane i Førde som nyttar seg av eingongshanskar, sett ut av butikken, når ho skal handle.

Over heile landet deler nemleg butikkar no ut eingongshanskar til kundane sine ved inngangen av døra.

Men dette er ikkje tilrådd av verken legar eller Folkehelseinstituttet (FHI), som fryktar det kan ha ein motsett effekt av det som er ønskeleg.

– Det er ikkje anbefalt å bruke eingongshanskar for handling i butikken. Skal ein bruke det må ein uansett vaske hendene godt etterpå, seier lege Helena Niemi Eide ved FHI.

Kunde tek på seg eingangshanske på Rema 1000

FOR SIKKERHEITS SKULD: Laila Lindøy tek på seg hanskane som dei deler ut i matvarebutikken på Rema 1000 i Førde. Men hanskane gjer, ifølgje ekspertar, meir skade enn nytte.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Ikkje tilstrekkeleg

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune fortel at utdelinga av eingongshanskar uroar. Problemet er tatt opp på leiarmøte i kommunen.

Furnes meiner det er viktig at folk og ikkje minst butikkane blir klar over kor liten effekt det har.

– Det kan føre til at folk trur dei er meir verna mot smitte enn dei eigentleg er. Dessutan har hanskane ingen effekt. Det gir ein falsk form for tryggleik, seier han.

Øystein Furnes i Førde kommune

ÅTVARAR: Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord, åtvarar butikkane mot å dele ut plasthanskane ved inngangen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

I helsesektoren nyttar ein hanskar med eit heilt anna materiale enn plasthanskar, som nitril eller lateks. Furnes er i tvil om vanlege eingongshanskar i utgangspunktet er isolerte nok til å hindre spreiing, men påpeiker at det ikkje er der det største problemet ligg.

– Det viktigaste, dersom vernehanskar skal ha ein effekt, er faktisk korleis du tar på deg hanskane. Det er mykje meir komplisert enn folk trur, og me har ikkje ressursar til å lære folk opp i dette, seier han.

Potensiell smittekjelde

Leiar Marthe Kvittum Tangen i Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) deler uroa.

– Det er ikkje slike type hanskar som er anbefalt om ein skal verne seg mot smitte. Ligg dei i boksar og alle skal ta på dei, vil dei uansett vere ein smittekjelde.

Ho meiner dei som skal handle først og fremst bør ta omsyn til dei nyleg oppdaterte råda som vart gitt ut av helsedirektoratet for nokre dagar sidan.

Helena Nieme Eide frå FHI legg til:

– Sjukdommen smittar primært via dropesmitte, men kan også smitte via ting ein har tatt på. Dersom ein vel å bruke hanskar, så er det difor viktig å ta dei av på rett måte.