Hopp til innhold

Åtvarar bilistane om sesongens fyrste snøfall: Måtte stoppe sjåførar med sommardekk

Det er ruskevêr og snø på fjellovergangane i Sør-Noreg. Sjåførar som kjem med sommardekk blir stoppa og bedne om å snu.

Bilder frå aust og vestsida av Haukelitunnelen, E134.

Sjåførar med sommardekk blir stoppa når dei prøver å køyre over fjellovergangar. Her frå Haukelifjell.

Foto: Henriette Meland (trafikkdirigent V&T Entreprenør)

På fleire fjellovergangar snør det tett og det er sendt ut fleire gule farevarsel om regn, vind, snø og flaum- og jordskredfare.

Men trass i mykje vêr og vind, så er det fleire sjåførar som trassar dette og køyrer over fjellovergangane utan vinterdekk.

Åsmund Sirevåg og familien er på veg over Haukelifjell i snøvêret, men før dei kom så langt, blei dekka deira kontrollerte før dei fekk køyre vidare.

Familien såg at ein lastebil blei ståande att medan dei andre kunne passere.

Om det var på grunn av sommardekk eller ikkje, er Sirevåg usikker på.

– Men det er veldig bra at sjåførane blir sjekka. Det er alltid nokon som tek sjansar, seier sjåføren.

Sjåførar med sommardekk må snu på Haukelifjell

Åsmund Sirevåg er på veg over Haukelifjell, men ikkje alle som passerte her, hadde vinterdekka på. Dei måtte snu.

Foto: Åsmund Sirevåg

Må snu og køyre heim

Vegtrafikksentralen er klar i si sak:

– Om du ikkje har vinterdekk på i dag, så har du ingenting i fjella å gjere, seier Ronny Sleire, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Les også Åtte meter høge bølgjer, vind og nedbør i bøttevis

Stor kontrast mellom aust og vest

Han seier det er vanleg at bilar blir sjekka før dei får køyre over fjellovergangane.

– Dette må ein rekne med. Og dei som har sommardekk på, dei må snu. Det er dessverre meir vanleg enn uvanleg i overgangen til vinter, at folk køyrer med sommardekk, seier trafikkoperatøren.

Vanskelege køyreforhold

Snøslaps og dårleg sikt på RV. 7 Hardangervidda.

Foto: NRK-tipsar

Karen-Sofie Schjøtt Olsaker køyrde i dag frå Bergen til Ustaoset, og ho såg fleire som hadde fått problem med den første snøfallet.

– Eg er glad eg hadde skifta til vinterdekk. Hardangervidda var ingen plass for sommardekk i dag.

Klokka 21.30 er status på fjellovergangane slik:

  • Rv. 52 Hemsedal: Bart og vått, men snø i terrenget
  • E16 Filefjell. På grunn av uvêr er det ikkje tilrådd med sommardekk over fjellet.
  • Fv. 50 Hol- Aurland Hol: Bart og vått. Snø i området og slapseføre.
  • RV. 7 Hardangervidda: Delvis bart og vått, delvis snødekke. Fare for kolonnekøyring i løpet av kvelden.
  • E 134 Haukelifjell: Vekslande bart og vått, samt vekslande snødekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snødekke, vekslande bart og vått. Slapseføre.
  • Rv. 15 Strynefjellet er opent for fri ferdsel.

Men sjølv om alle fjellovergangar er opne no, så kan dette endre seg raskt.

På Vikafjellet, ein av fjellovergangane som som stod i fare for å verte kolonnekøyrd, har vinden løya når NRK snakkar med brøytebilsjåfør Arnt Ove Sætrehaug klokka 21.21.

– Det er framleis sørpe og snøføre, men vinden har løya betrakteleg den siste timen, seier Sætrehaug.

Her kan du sjekke oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen.

– Det er snø i lufta og før eller sidan vil det legge seg snødekke på alle fjellovergangar. Det er også meldt svært dårleg vêr i ettermiddag og kveld, seier Sleire.

Bilder frå aust og vestsida av Haukelitunnelen, E134.
Foto: Henriette Meland (trafikkdirigent V&T Entreprenør)

Kan endre seg på kort varsel

Det er meldt om sterk vind, stiv kuling, stor i kasta og snøfokk.

Fleire stader er det meldt om 20–40 cm snø fleire stader, og nokre stader skal det kome på mot 50 cm.

– Dersom det kjem så mykje, kan det på nokre få timar bli både kolonne og stengt vegar fram til brøytemannskap får rydda vegen, seier trafikkoperatør Sleire.

Oppmodinga til sjåførane er klare: Ha vinterdekka på, tanken må vere full, ha varme klede og mat og drikke med deg i bilen.

– Vær budd på at det kan ta lenger tid å kome seg over fjellet enn du hadde rekna med, seier han.

Meteorolog: – Ganske ruskete i fjella

Statsmeteorolog Dina Stabell seier det er venta opp mott 100 mm med regn i låglandet.

I tillegg er det venta mykje vind.

– Vi får vestleg sterk kuling og kanskje liten storm utsette stader. Ved Stad blir det full til sterk storm, seier Stabell.

Styggevêret har ikkje nådd oss så fort som meteorologane først varsla.

Men det er altså varsla gult farevarsel om snø på fjella, og dette varer fram til i morgon ettermiddag.

– I tillegg er det venta ein del vind, og då kan det bli snøfokk. Så det blir ganske ruskete på fjellet, seier Stabell.