Hopp til innhold

Turistar, vogntog og bussar skapar kaos kvar sommar: No ser vegen slik ut

Den smale riksvegen har i årevis vore ein flaskehals og prega av kaos i sommartrafikken. No håpar ein at vegutbetringa på delar av strekninga skal vera til hjelp.

Ny veg på riksveg 13 mellom Kyrkjenes og Kinsarvik.
Kaos mellom Kinsarvik og Kyrkjenes.

FØR OG ETTER: Frå smalt til gulstripa. Vegen er nesten ikkje til å kjenne igjen etter vegutbetringa.

PRIVAT/ NRK

Ein biltur gjennom Hardanger tek deg gjennom frukthagar, fjord og fjell.

Men også den smale og svingete riksveg 13, med flaskehalsar og nesten fråvær av midtstriper.

Plutseleg kjem du tett på både turistbussar, vogntog og bubilar. Når bilane møtest på dei smale partia, hopar trafikken seg opp og ingen kjem seg verken fram eller tilbake.

Då blir det kaos.

Mellom anna måtte politiet stå i kø i halvannan time på kaos-strekninga, og fleire bilistar har fått nok og sagt dei aldri vil køyra der igjen.

Eitt område det er spesielt store problem er mellom Kinsarvik og Bjotveit i Ullensvang, ei strekning på 12 kilometer som kan ta opp til fleire timar om ein er uheldig.

Her har vore mange bilete av lange køar og trafikkaos på smale Hardangervegar kvar einaste sommar dei siste åra.

Men no er dette blitt betre.

For like nord for Kinsarvik og til Kyrkjenes har dei to kilometerane av den smale vegen blitt utbetra og breiare.

Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes
Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes
Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes
Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes
Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes
Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes

Fått bort ein flaskehals

Arbeidet starta for to år sidan, og no står vegen til 110 millionar kroner ferdig med dobbel breidde fleire plassar.

– Vegen har blitt breiare og den er retta ut, og vi har fått lagt på ny asfalt og nytt rekkverk, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Vegutbetring på riksveg 13 mellom Kyrkjenes og Kinsarvik.
Trafikkork på Bjotveit

FØR OG ETTER: Vegen er nesten ugjenkjenneleg etter at vegen er blitt sprengt, utvida og fått gul stripa, i tillegg til at vegetasjonen er fjerna.

Vegvesenet har prioritert akkurat dette området då det har vore lange køar her.

– Eg har sjølv køyrd bak vogntog der du ser dei gneistrande konteinarane som går mot fjellet og stått i køane som har vore her. Men no har vi fått ein vesentleg betre strekning der det ikkje vil danna seg kø, seier Finden.

Opning av ny veg på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes. Sven Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune.

Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen (i midten) opna den nye vegen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Glad for ny veg

Under den offisielle opninga var det mange lokale som hadde tatt turen for å feira den nye vegen. Dei er glade for utbetringa.

Vi har jobba lenge for dette, og får no 2,2 km veldig fin veg. Dette er ein god start, seier Rune Leikvoll.

– Dette er noko eg har venta lenge på, og veldig glad for at ein kan koma seg inn til Kinsarvik på bra veg, seier Lars Instanes som driv familieparken Mikkelparken.

Randi-Elisabeth Oppedal bur midt i kaosvegen. Ho er glad for to kilometer med gul midtstripa og framkommeleg veg.

Det er ein gledas dag og vi er veldig takknemlege for at vi er kome så langt. Men no ser vi jo sjølvsagt og fram til betre vegstandard på resten av strekninga, og ikkje minst å få vekk lysreguleringa like ved her, seier Oppedal.

Opning av ny veg på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes.

Mange hadde møtt opp for å få med seg den offisielle opninga av den nye vegen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Framleis lysregulering

Det er Leikvoll og Instanes einig med ho i.

For rett etter den nye utbetra vegen møter du på lysregulering i sommarhalvåret som eit forsøk på å hindra trafikkaos fordi vegen er så smal her.

– Det er framleis masse igjen å gjera for å få bort alle problema på denne strekninga, seier Leikvoll.

Prosjektet mellom Kinsarvik og Kyrkjenes er det siste som blir fullført av Statens vegvesen på riksveg 13 frå Skare like sør for Odda og til Sogndal.

No er vegen blitt overført til Nye Veier.

– Dette prosjektet hang i ein tynn tråd i og med at strekninga var vedteken i Nasjonal transportplan og skulle overførast til Nye Veier, seier Finden.

Lysregulering på riksveg 13 mellom Kyrkjenes og Bu.

Rett etter den nye vegen møter bilistane på lysregulering for å hindra kaos på den smale vegen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Her er eit døme på vegstandarden på strekninga som står att:

Set inn dirigering

Men avdelingsdirektøren er nøgd med at dei fekk fullført og utbetra vegen. Men han er klar på at det bør bli gjort meir.

Det er ei vanskeleg strekning som det må gjerast noko med, men ein må ta bit for bit, seier Finden.

– Så framleis kan ein risikera å hamna i trafikkaos?

– Ikkje her mellom Kinsarvik og Kyrkjenes, men vi må vera budd på at det kan vera andre plassar det kan oppstå kø. Men vi skal gjera vårt beste for å sørgja for god flyt i trafikken, seier Finden.

Statens vegvesen har planar om å setja inn både manuell dirigering og leiarbil på strekninga også i sommar.