Hopp til innhold

Fleire farevarsel: Ventar opp mot 60 centimeter med snø

Onsdag er det venta nye snøbyer i Sør-Noreg. Nokre stader kan det komme opp mot 60 centimeter med snø.

Kuldegrader i løpet av natten gjør at is fryser på planter og vegetasjon og blir liggende til langt utpå formiddagen. For det meste overskyet mot sør mens det er mye blå himmel og fint turvær i retning nord som her i Ryggedalen i Bø i Vesterålen. Svak vind fra sør og 4 grader. Snø på bakken i fjellet.

VINTER: Det går frå haust til vinter. Denne veka kan det komme mykje snø i fjella i Sør-Noreg.

Foto: Børre Magne Albrigtsen

No har Meteorologisk institutt oppdatert det gule farevarsel om snø i fjellområda i Sør-Noreg.

– Skal du køyre frå aust til vest, bør du vere førebudd på kraftigare snøbyer på vestsida av fjellet, seier meteorolog Martin Granerød.

Skiljet går nemleg i fjellområda mellom aust og vest.

Farevarsel for snø

⚠️Onsdag er det venta mykje snø vest for Langfjella⚠️

Foto: Yr.no

Først varsla Meteorologisk institutt at det kunne komme opp mot 40 centimeter med snø nokre stader. Tysdag vart varselet oppjustert.

Vest for Langfjella er det no venta at det kan komme 25–60 centimeter med snø.

– Det er hovudsakeleg på vestsida av fjella vi ventar mest nedbør. Noko kan trekke over på austsida, men der slepp ein unna mesteparten, seier meteorologen.

Les også Kai hadde planlagt lang fottur på fjellet: – Vi vart vêrfaste

Kai Andre Blix står med snø til livet på Beiarfjellet i Nordland, Bilde.

Mykje vind

Farevarselet gjeld frå natt til onsdag og varar til torsdag ettermiddag, men allereie tysdag kjem det eit lågtrykk med nedbør både sør og nord i landet.

– Det blir både snø og regn avhengig av kvar du er. Skal du køyre over fjellet og framleis har sommardekk, bør du vurdere eit skifte, melder meteorologane.

Slik var kjøreforholdene fra Berkåk til Oppdal søndag.

Slik var køyreforholda frå Berkåk til Oppdal i Trøndelag søndag. No kan det komme mykje snø i fjella i Sør-Noreg.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

I tillegg til snø, er det også venta kraftig vind og snøfokk i fjella i Sør-Noreg.

– Det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold.

Det er også sendt ut farevarsel om snøfokk for delar av Troms, fjellovergangane i Ofoten og deler av fjellovergangane i Nordland.

Dei tre farevarsla gjeld frå tysdagskveld og sluttar i løpet av onsdagen.

Delvis skyet i Bø i Vesterålen i tidlig ettermiddag. Mest skyer mot sør og periodevis nesten blå himmel mot nord. Lite vind, lette snøbyger i fjellet og 4 grader.

Meteorologane omtalar vêret i Nord-Noreg denne veka som blanda drops. Det kjem både regn-, sludd- og snøbyer. I Bø i Vesterålen var det lite vind, lette snøbyer i fjellet og fire grader i dag.

Foto: Børre Magne Albrigtsen

Varslar bølgjer på åtte meter

Onsdag og torsdag er det også venta høg sjø og mykje vind på vestlandet.

Den høgste sjøen er venta mellom Rogaland og Sognefjorden torsdag ettermiddag.

– Sjekk fortøyingane dine og ver forsiktig med ferdsel til sjøs i mindre båtar, melder meteorologane.

Årsaka til den høge sjøen, er eit kraftig lågtrykk frå vest som lager eit vindfelt frå Trøndelag og nedover.

Onsdag er det venta sterk kuling utsette stader på Vestlandet sør for Stad. Ved Stad er det venta full storm.

Les også Åtte meter høge bølgjer, vind og nedbør i bøttevis

Stor kontrast mellom aust og vest

Varmt i Europa

Medan vi frys her heime i Noreg, er det høge temperaturar i Sør-Europa.

I Córdoba i Spania vart det målt 35,6 grader, noko som er det høgaste i Europa dei sist 24 timane.

Litt lengre nord, i Storbritannia, var søndag den varmaste oktoberdagen i landet på 5 år.

Vi har opplevd høstens første frostnatt her på Sørlandskysten.
I dag måtte jeg skrape is av frontruta før jeg dri ut for å vekke sola.
Det var en vakker klar morgen, helt skyfri og det har vel det meste av natten også vært, noe som er grunnen til at det er blitt såpass kaldt. 
Men, det var en vakker vindstille morgen og jeg var ikke alene der ute på Raet, det var flere som hadde tatt turen for å se solen stige opp av Skagerak, og de ble ikke skuffet.

Første frostnatt ved kysten på Sørlandet. Medan vi frys her heime, er det varmt sør i Europa.

Foto: Jarle I. Kvam

Men ser det ut til å snu. Utover neste veke er det venta litt kaldare vêr i Sør-Europa.

Det kalde vêret her heime er venta å halde fram utover veka.

– Om dagens prognosar slår til, blir det kaldare igjen neste veke, seier Granerød.

Les også September var blant dei våtaste på 123 år

Regn blei det i sommar også