Hopp til innhold

Avlyser undervisning etter at åtte blei smitta. Smittevernoverlegen ber studentane festa mindre.

BERGEN (NRK): Ei rekke smitteutbrot sender folk heim frå jobb og skule. Høgskulen på Vestlandet gjekk frå null til sju smitta over natta. No får studentane beskjed om å skjerpa seg.

Studenter på Høgskolen i Bergen, Guro Olsen (t.v.) og Iselinn Eikeland

KORONARÅKA HØGSKULE: – Utriveleg med mange smitta og 450 utestengde studentar ved campus Bergen, meiner Guro Olsen (t.v.) og Iselinn Eikeland.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Studentane må avgrensa talet på nærkontaktar dei er i kontakt med. Dei må også minimera på festing og andre ting dei elles ville ha gjort. Vi er faktisk i ein pandemi, og dette illustrerer kor lett smitten spreier seg, seier smittevernoverlege i Bergen, Karina Koller Løland.

Utspelet kjem etter eit lokalt utbrot på høgskulen, som er spora til ein faddergruppe.

Smittevernoverlege i Bergen, Karina Koller Løland

BER OM MINDRE FESTING: Smittevernoverlege Karina Koller Løland er bekymra for at studentane ikkje tek nok omsyn til smittefaren.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Får ikkje undervisning på campus

– Det var eit sjokk å møta opp på skulen i dag utan å ha fått noko informasjon.

Det seier student Guro Olsen på barnehagelærarutdanninga ved campus Bergen. Studievenninna Iselinn Eikeland er samd.

Dei har nettopp fått vita at fleire studentar på skulen er smitta av korona.

For dei 450 studentane ved institutt for økonomi og administrasjon har Høgskulen no avlyst all fysisk undervisning på campus Bergen ut neste veke. I staden blir det digital undervisning.

– Det er utriveleg å tenka på at mange fleire enn dei sju kan vera smitta. Hadde eg visst om dette på førehand, hadde eg blitt heime i dag. Kjipt om eg blir smitta.

Det vesle utbrotet er det siste i ei rekke andre mindre koronautbrot i landet. Sjå liste lenger nede i saka.

Varsel i natt

Skulen vart varsla om påvist smitte i løpet av natt til fredag.

– Klokka 00.30 fekk vi melding frå to studentar om at dei har fått påvist koronasmitte. I føremiddag fekk vi beskjed om fem andre tilfelle.

Det seier instituttleiar Tom Skauge ved institutt for økonomi og administrasjon til NRK.

Det åttande smittetilfellet fekk høgskulen melding om ut på dagen, fredag.

Dermed har instituttet hans truleg det hittil største koronautbrotet innan høgare utdanning i Noreg.

Fleire utbrot

  • Hurtigruta: Totalt har 71 personar vore smitta etter utbrotet på MS «Roald Amundsen». Per torsdag er det færre enn 10 som er i isolasjon om bord.
  • Vestvågøy: Det er påvist fem nye koronatilfelle i Lofotens mest folkerike kommune. Fire skular og ein barnehage er stengt. Kommunen har gitt nær 4000 innbyggarar beskjed om å gå i sjølvpålagd karantene.
  • Trondheim: I løpet av halvanna veke har ni personar fått påvist koronasmitte med ukjente smittekjelder. Kommunen vedgår at dei ikkje har kontroll på smittesituasjonen.
  • Harstad: Kommunen er i kriseberedskap etter at seks personar har testa positivt. 83 er i karantene.
  • Voss: Ein femte smitta person den siste veka har uviss smittekjelde. Om lag 60 er i karantene, og alle sjukeheimane er stengde for besøk.
Høgskolen i Bergen

STENGER: Studentane ved økonomi og admin ved Høgskulen på Vestlandet sin campus i Bergen må halda seg heime ut neste veke.

Foto: Høgskolen i Bergen

Frå same faddergruppe

Skauge seier alle dei åtte med påvist smitte ved Bergen campus er frå den same faddergruppa på om lag 15 personar.

– No brukar vi dagen i dag til å få oversikt over situasjonen og få fleire testresultat. Og vi avlyser uansett all undervisning på campus i dag og neste veke, men det går ein del digital undervisning.

Instituttet har bede lærarane rigga til meir digitalundervisning neste veke. Friske studentar får likevel lov til å opphalde seg på campus om dei vil.

Vurderer heile campus

Skauge veit ikkje om smitta faktisk er avgrensa til den aktuelle faddergruppa.

– Så vidt eg veit har vi hatt veldig strenge reglar for avgrensingar i fadderveka, men det er ikkje mitt bord, seier Skauge.

Han opplyser at det også no er møte for å avgjera kva Høgskulen skal gjera i høve til alle dei andre studia ved campus i Bergen.

– All annan aktivitet på campus går som normalt, seier rektor Berit Rokne.

Smitta student i selskap i Måløy

Ein student som har vore på fadderveke i Bergen, og vore heime i Måløy i helga, har testa positivt på covid-19 og har lette symptom.

Studenten har vore i selskap i helga der relativt mange har vore involverte, fortel han.

– Det har vore ein betydeleg jobb i dag å få kontakt med nærkontaktane, seier kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale.

Fredag ettermiddag kom ein positiv prøve frå ein av næraste pårørande.

– Eg reknar med vi kanskje kan få fleire tilfelle, seier Dale.