Hopp til innhold

Mange eksporterer plastavfall ulovleg: – Farleg for helse og miljø, men dessverre lønsamt

Åtte av elleve verksemder hadde ikkje dokumentasjon på at plastavfallet var utan miljøfarlege stoff eller kvar avfallet hamna.

Ulovleg eksport av plastavfall

ULOVLEG EKSPORT: Miljødirektoratet fryktar at organisert kriminalitet kan vera involvert i eksport av plastavfall frå Noreg (illustrasjonsfoto frå direktoratet).

Foto: Miljødirektoratet

Mange norske selskap driv ulovleg eksport av plastavfall som kan innehalda miljøgifter, utan å kunna dokumentera kvar avfallet hamnar.

70 prosent av returselskapa som Miljødirektoratet nyleg kontrollerte, hadde eksportert plastavfall utan løyve.

Dette er alvorleg og kan utgjera ein fare for både folks helse og for miljøet.

Det seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet. Ho viser til at plast som ikkje får forsvarleg behandling i anlegg, i verste fall kan hamna i naturen og bidra til auka forsøpling og forureining i landa som mottar avfallet.

Ellen Hambro. Miljødirektoratet.

Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Foto: Geir Mogen

– Illevarslande

Miljødirektoratet har i samarbeid med Tollvesenet kontrollert eksportpapira til norske selskap der dei antok risikoen for ulovleg plasteksport var størst.

– Plastavfall på avvegar er eit stort globalt miljøproblem. Derfor ser me svært alvorleg på at så mange har eksportert ulovleg plastavfall. Det er ein illevarslande mangel på dokumentasjon, seier Anne-Marie Vikla, avdelingsdirektør for miljøgift og tilsyn i Miljødirektoratet.

Ulovleg eksport hindrar dessutan gjenbruk av plast som kunne vore brukt som råvarer i nye produkt.

Aktørane som eksporterer og handlar med plastavfall ulovleg, øydelegg for dei seriøse verksemdene, seier Hambro.

Ulovleg eksport av plastavfall

Dei fleste kartlagde tilfella av ulovleg plasteksport, gjaldt avfall frå havbruk og landbruk.

Foto: Miljødirektoratet

Plast frå havbruk og landbruk

Det meste av den ulovlege eksporten gjaldt plast frå havbruksnæringa og landbruket.

Miljøgiftene i havbruksplast kan vera begroingsmiddel, bly og så vidare. Dette er farlege miljøgifter, seier Vikla.

Ho understrekar at det ikkje er oppdrettsselskapet eller bonden som er ansvarlege for
å hindra ulovleg eksport av avfallet sitt.

Den profesjonelle aktøren som tar i mot plastavfallet, har det ansvaret.

Veit de kvar plasten har hamna?

Nei. Me veit berre at plastavfallet hamnar i Europa, Asia eller Afrika. Dei kan heller ikkje seia kva som er mottakaranlegget, seier Vikla.

Det er derfor usikkert om mottakarane kan gjenvinna avfallet forsvarleg.

Fryktar organisert kriminalitet

NRK Brennpunkt avdekka i 2019 at privatpersonar dreiv omfattande ulovleg eksport av elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) ved å senda fullstappa gamle varebilar ut av landet stort sett til afrikanske land.

Les også Ulovlig søppelsmugling – men ingen straffes

Søppel i gammel bil

Den ulovlege plasteksporten Miljødirektoratet no har kartlagt, er det derimot etablerte avfallsselskap som står bak, seier Vikla.

Direktoratet fryktar at organiserte kriminelle er involverte i eksport norske selskap står for.

Miljødirektoratet følger opp dei åtte selskapa og vurderer også å melda dei til politiet.

Dei pliktar å retta opp brota me har peika på, seier Hambro.

Miljødirektoratet varslar at dei vil fortsetta å føra tilsyn med bransjen for eksport av plastavfall i samarbeid med styremakter i Noreg og andre land.

Norsk Gjenvinning: Kvitvasking

Bærekraftdirektør i NG Group (tidlegare Norsk Gjenvinning-konsernet), Runa Opdal Kerr, seier ulovleg eksport av plastavfall er både vanleg, lønsamt og kan vera knytt til kvitvasking.

– Funnet til Miljødirektoratet er ikkje overraskande. Dessverre ser me at fleire aktørar tener gode pengar på å handtere blant anna plastavfall i strid med lova. Derfor etterlyser me fleire kontrollar og vesentleg strengare straffer, seier Kerr.

Runa Opdal Kerr i NG Group (Norsk Gjenvinning)

– Ulovleg plasteksport er dessverre både vanleg og lønsamt, seier bærekraftdirektør Runa Opdal Kerr i NG Group.

Foto: DNB

NG Group kjenner til aktørar både i Noreg, Europa og USA som sender plastavfall og anna avfall til land der dette blir handtert på ein måte som skadar både miljø og helse.

– Utanfor Norden er det fare for kvitvasking. Tidlegare eksporterte me plast til Asia, men det har me slutta med fordi risikoen for brot på regelverket var for stor.

– Varslar de styremaktene om det de kjenner til?

– Ja, viss me ser at det er alvorlege brot hos andre aktørar, kan me varsla om det, seier Kerr.

– Positivt

Gunnar Grini, bransjesjef for gjenvinning i organisasjonen Norsk Industri, seier det er positivt at Miljødirektoratet prioriterer tilsyn med transport av avfall.

Han seier det er viktig med gode rutinar og god dokumentasjon, både om kva slag avfall som blir eksportert og korleis det skal behandlast.

– Når ein kjøper gjenvinningstenester, er det viktig at ein vel ein profesjonell og kompetent aktør. Regelverket er viktig, men også komplisert. Alle som driv med eksport og import må ha inngåande kunnskap om krava som gjeld.

Kerr i NG Group avviser at regelverket er komplisert.

– Det er ikkje vanskelegare å forhalda seg til dette enn til anna regelverk. Men det krev at ein er villig til å setta av ressursar for å handtera det.

– Er det meir snakk om vilje enn evne?

– Ja, og at ein tener mykje pengar på å ikkje følga reglane. Rett handtering er mykje dyrare.

Anne-Marie Vikla i Miljødirektoratet

– Miljødirektoratet ser svært alvorleg på at så mange av dei kontrollerte aktørane driv ulovleg plasteksport, seier avdelingsdirektør Anne-Marie Vikla.

Foto: Miljødirektoratet

Sirkulærøkonomi

Eit hundretals norske selskap driv med plastavfall: mange små, i tillegg til dei store som Franzefoss, Ragnsells og Norsk Gjenvinning.

– Er det små selskap som driv ulovleg?

– Eg vil ikkje generalisera det. Mange aktørar er seriøse. Men det er synd at nokon har funne ut at det er enkelt å tena pengar på ulovleg eksport, seier Kerr.

NG Group tar i mot 20.000 tonn plastavfall avfall årleg, og sender halvparten – altså 10.000 tonn – til Sverige, Danmark, Nederland, Tyskland og Latvia for materialgjenvinning.

– For oss er det avgjerande at plasten går inn i ein sirkulærøkonomi og blir til nye produkt på lovleg vis, seier Kerr.

– Ting kan gå gale

Ho vedgår at rutinar og dokumentasjon for avfallshandteringa av og til kan gå gale.

– Me kan ikkje garantera at alt skjer på rett måte heile tida. Men så snart me oppdagar feil, melder me frå til Miljødirektoratet og styremaktene i landet det gjeld, og sørger for rett handtering.

Ho seier selskapet i nokre tilfelle har henta avfall tilbake til Noreg.

– Kundane våre skal vera trygge på at avfallet ikkje skadar helse og miljø, og at det er sporbart kvar det endar opp og korleis det blir behandla. Det har ikkje alle selskap kontroll på.

Les også Norge forbyr eksport av plastsøppel til u-land

Fiskebåter ved en strand tilsølt av plastavfall i Thanh Hoa-provinsen i Vietnam.