Hopp til innhold

Asylmottaket i Florø vert lagt ned

Solbakken asylmottak i Florø vert lagt ned. Dermed vil det i Sogn og Fjordane berre vere asylmottak igjen i Sogndal og Førde.

Solbakken asylmottak i Florø

BLIR LAGT NED: Åtte tilsette mister jobben når mottaket som har plass til 130 asylsøkarar blir lagt ned.

Foto: Ottar Starheim / NRK

UDI har varslar at dei legg ned 17 asylmottak over heile landet. Totalt omfattar nedlegginga 1610 mottaksplassar. I Sogn og Fjordane er det mottaket for einslege, mindreårige asylsøkjarar på Skei og og det kommunalt drivne asylmottaket i Florø som vert lagt ned.

LES MEIR HER: Asylmottaket på Skei vert lagt ned

LES MEIR HER: UDI legg ned over 1600 asylplassar i heile Norge

– Dette har samanheng med at i 2015 kom det over 31.000 asylsøkjarar, mot berre 3460 i fjor. Vi har ein nedgang på over 27.000 asylsøkjarar, seier regiondirektør i UDI, Stig Arne Thune til NRK.

Solbakken asylmottak har åtte tilsette frå tre ulike land og plass til 130 asylsøkarar. Mottaket som er ein av tre avdelingar i Innvandrarsenteret i Flora har vore i drift sidan 1993.

Kan bli fleire nedleggingar

Før i dag melde NRK at også asylmottaket på Skei vert lagt ned, og det kan bli fleire.

– Dersom det framleis blir låge ankomstar til Norge, så vil eg ikkje sjå vekk frå at det kan bli ytterlegare reduksjon av fleire mottak, seier Thune.

Han og andre i UDI har brukt dagen i dag på å orientere drivarar av asylmottak og deira tilsette om at ei rekkje mottak blir lagt ned. I kveld har alle tilsette ved Solbakken blitt varsla.

I denne omgangen legg UDI ned 17 mottak, åtte ordinære mottak og ni mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar.