– Det skapte liv i bygda. Det vart liv og røre, og folk langs vegane. Vi har vel aldri hatt så lange 17. mai-tog som då vi hadde asylmottak, seier ordførar i Hyllestad Morten Askvik (Sp).
Sognekommunen har slite med fråflytting og forgubbing i årevis. Då dei i 2015 fekk to asylmottak, tenkte mange at det kanskje kunne hjelpe på.
– Det førte jo til fleire folk i kommunen og fleire arbeidsplassar, seier Askvik.
Men asylmottak i små bygder som Hyllestad finn du ikkje mange av om dagen. Talet på bebuarar på asylmottak har stupt dei siste to åra, og som eit resultat av det har UDI lagt ned dei fleste asylmottaka. Særleg utanfor dei folkerike kommunane har asylmottaka forsvunne.
Frå 2018 har UDI også slått fast at dei ikkje kjem til å busetje flyktningar i kommunar med mindre enn 3000 innbyggjarar.
– Vi er gode på integrering i distrikta
– Talet på asylsøkjarar er svært lågt for tida, det er det lågaste sidan 1995, seier regiondirektør i UDI region sør, Tormod Stavenes, som forklaring på nedleggingane.
Askvik i Hyllestad tykkjer likevel ein burde gjort meir for å halde oppe asylmottaka i distrikta.
– Vi er veldig gode på integrering i distrikta. Her er bygdefolket engasjerte, og asylsøkjarane blir ein del av lokalbefolkninga. I storbyane er det meir slik at dei finn saman i lukke samfunn, trur ordføraren.
- Les også:
- Les også:
– Kan bli meir ein byrde enn noko positivt
Samfunnsmedisinar Hans Johan Breidablik er derimot ikkje så sikker på om asylsøkjarane var noko å satse på for distriktskommunane. Han tykkjer ikkje bygdene som har mista asylmottak treng å ta det så tungt.
– Asylsøkjarar og flyktningar kan fort ende opp med å bli meir enn byrde for kommunane som tek i mot dei. Dessutan syner det seg at dei aller færraste asylsøkjarar har lyst til å bli buande i distriktskommunar. Dei vil til storbyane, seier Breidablik.
Han har vanskeleg for å sjå at asylmottak skulle vere noko veg til folketalsvekst for fråflyttingstruga bygder.
– Det er i alle fall ikkje vegen å gå om ein vil ha ein sunn og balansert folketalsvekst.
Ordføraren i Hyllestad er likevel av ei anna oppfatning.
– For oss var asylmottaka positivt, og det var ein nedtur då dei forsvann.
- Les også: