Hopp til innhold

Askrova skule blir lagd ned

Askrova skule i Flora kommune skal leggjast ned. Det avgjorde Flora bystyre onsdag. Øyfolket fryktar dette kan få store konsekvensar.

 

 - Eg synest det er rett og slett tragisk for lokalsamfunnet, for når vi misser skulen blir det vanskeleg å få tilflytting til øya, seier Elisabeth Nekkøy, som bur på Askrova.

Til hausten må dottera hennar på ti år og dei tre andre elevane på Askrova ta båtskyss til skulen i Florø.

- Ikkje ettervekst

- Men eg og ser jo at det berre er fire elevar og at det ikkje er mykje grunnlag for å drive skule, og det er jo heller ikkje ettervekst, så det er ikkje lett for nokon, seier Elisabeth Nekkøy.

Samrøystes bystyre

Det var eit samrøystes bystyre som onsdag avgjorde at skulen på Askrova ikkje er liv laga.

 

Bente Frøyen Steindal
Foto: NRK

- Politikarane var samde om at det ikkje er pedagogisk forsvarleg å drive skule for berre fire elevar,  Det at Flora kommune sparer ein million kroner i året på å legge ned skulen er ein gevinst, men det er ikkje hovudgrunnen til nedlegginga, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal.