Åsane med sjokksiger mot topplaget
Åsane nedsabla serieleiar Kongsvinger 5–0 på bortebane i 1. divisjon sundag ettermiddag. Tapet var berre Kongsvingers andre denne sesongen. Dermed karra laget seg over kvalik-plassen i divisjonen. Sidan 1. mai har Åsane tapt heile seks kampar og berre vunne to. Dermed var det tre viktige poeng dei oransjekledde sikra seg på Gjemselund sundag.