Hopp til innhold

Brann tapte toppkampen i Oslo – tap også for Åsane og Arna-Bjørnar

Nora Eide Lie (biletet) og Brann fekk det tungt i Oslo laurdag. To mål av Karina Sævik og Elise Thorsnes var nok til å sikra heimelaget sigeren mot tabellnabo Brann. Med sigeren på heimebane toppar Vålerenga no tabellen, medan Brann ligg åtte poeng bak på ein 3.-plass.

I Bergen blei det også tap for Arna-Bjørnar. Arnalaget ligg sist på tabellen med berre 2 poeng, og gjekk på sitt fjerde strake heimetap då dei tapte 0–1 for Røa.

Det siste bergenslaget gjekk også på tap, då Kolbotn slo Åsane 1–0 på heimebane.

Etter laurdagens kamp er Kolbotn nummer åtte på tabellen med elleve poeng, medan Åsane er på 9.-plass med fire poeng.

Toppeserien 2024: Vålerenga - SK Brann
Foto: Javad Parsa / NTB