Hopp til innhold

Sparar pengar på lite snø

Den snøfattige førjulsvinteren gjer at både staten og kommunen sparar store pengar.

Brøyting strynefjellet

BRØYTING: I fjor sprengde den lange vinteren brøytebudsjetta. So langt denne sesongen har det vore heilt motsatt.

Foto: Håvard Skibenes

Medan snøen kom tidleg i oktober i fjor, har det vore veldig lite snøbrøyting på starten av denne vinteren.

– Det betyr at me slepp utgifter til brøyting. I fjor hadde me allereie hatt tre veker med snø på denne tida, seier driftssjef i Eid kommune, Torfinn Myklebust.

Trange budsjett

Eid kommune brukar årleg kring ein million kroner på brøyting av kommunale vegar og plassar.

Fram til no denne sesongen har kommunane gått klar brøyteutgifter. Men den lange fjorårsvinteren spengde brøytebudsjetta over heile fylket.

– Fyrste del av 2011 sprengte me budsjetta i forhold til dei løyvingane me har hatt til brøyting. So me håpar at denne vinteren blir mild med lite snø, seier Myklebust.

– Håpar det varer

På riksvegane er det stort sett innleigde entreprenørar som tek seg av snøbrøytinga. Dei aller fleste av dei har ikkje tatt i bruk brøyteutstyret denne sesongen.

Entreprenørane har stort sett faste brøytekontrakter. Statens Vegvesen sparar likevel kilometergodtgjerdsle på brøyting så lenge snøen let vente på seg, seier prosjektleiar Lars Karlsen.

– Me har hatt ein sommar og ein haust med mykje flaum og regn, og det har vore mange skader i samband med det. No har det vore ein roleg periode, og me håpar sjølvsagt at det skal vara gjennom heile vinteren, seier Karlsen.

– Men her på vestlandet veit me av erfaring at det kan snu seg fort.