Hopp til innhold

Arild har Aspergers – ulovleg sparka av Bergen kommune

Fagforeining er skaka over korleis kommunen tek seg av tilsette med spesielle behov.

Arild Espenes

Arild Espenes (43) vart sparka av Bergen kommune.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

I februar 2022 hadde Arild Espenes fått nok.

Han kjende seg oversett, stua vekk.

På skulen han hadde fått ansvar for å halde ved like hadde han ikkje nok arbeidsoppgåver. Han følte at ingen brydde seg.

Sjølv skildrar han det slik at hovudet hans var som ein trykk-kokar der frustrasjonen bygde seg opp.

Til slutt eksploderer det.

Arild skjeller ut tilsette ved skulen for det dei fleste vil skildre som bagatellar.

Det er ikkje første gong Espenes brukar høg stemme og harde ord.

Slik grunngjev kommunen at han no får avskil, han mister jobben på dagen.

Skulen Espenes jobba på

På denne skulen arbeida Arild Espenes før han fekk avskil, mellom anna etter ein krangel om parkering.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Eg var ikkje verdt nokon ting

Men avskilet er ulovleg. Det har Hordaland tingrett slått fast i ein fersk dom.

Det hadde det vore sjølv om ikkje Arild hadde hatt nokon diagnose.

Men det er særlege grunnar for at Espenes burde fått ein heilt annan behandling frå arbeidsgjevaren sin enn det han har fått, meiner tingretten.

– Eg har Aspergers og ADHD. Det som skjer er at det inni hovudet vert så mykje jag og stress, seier Arild Espenes.

Dommen frå tingretten slår at Espenes skal få halde fram i jobben.

Den konkluderer og med at Bergen kommune ikkje har gjort nok for at han skal kunne fungere i arbeidslivet.

Kommunen må og betale erstatning til Espenes etter avskilet og ei tidlegare permittering.

Han treng klart definerte arbeidsoppgåver og ansvarsområde. Han treng faste kontaktpersonar som kjenner han. Han treng ei forståing av at han er ein dyktig tilsett innan tømrarfaget, men at han reagerer på ei anna måte i det sosiale enn dei fleste andre.

– Eg var ikkje verdt nokon ting. Eg vart utfryst og sett til side. Eg var berre eit problem som dei ville skufle vekk, seier han.

Fagforeinga sjokkert

Kenneth Rasmussen, hovudtillitsvald i Fagforbundet, har i fleire år vore engasjert i saka til Arlid Espenes.

– Eg må seie at eg er sjokkert over å få denne saka på bordet. Bergen kommune skal jo vere ein inkluderande arbeidsgjevar, seier Rasmussen.

Lenge har dei jobba for at Espenes skal få ein arbeidskvardag som er tilpassa hans behov. Gong på gong har dei opplevd at Espenes er sett i situasjonar som er umogeleg for han å handtere, seier Rasmussen.

– Dommen frå tingretten er særs viktig. Den viser at arbeidstakarane sine rettar står sterkt, og for dei som har spesielle behov. Det kunne fått store konsekvensar om konklusjonen hadde blitt ein annan.

Kenneth Rasmussen i Fagforbundet har i fleire år kjempa for arbeidskvardagen til Arild Espenes.

Kenneth Rasmussen i Fagforbundet har i fleire år jobba for eit betre arbeidsliv for Arild Espenes.

Foto: Agnieszka Iwanka / NRK

Kommuneadvokat i Bergen, Helge Strand, seier det ikkje er teke stilling til om dei skal anka dommen frå Hordaland tingrett.

Han har ikkje fleire kommentarar til det han skildrar som ei personalsak.

HR-direktør Tale Nesmann Berntsen skriv til NRK at kommunen ønsker å bidra til eit arbeidsliv med plass til alle.

– Som arbeidsgjevar har Bergen kommune ei plikt til å legge til rette så langt det er mogeleg for medarbeidarar som treng det. Dette er noko vi tek på alvor, skriv Berntsen.

– Leiarane våre har ansvar for både å legge til rette for den einskilde medarbeidar, og for at alle tilsette opplever eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. I tillegg kjem ansvaret for drift og omsynet til brukarane av tenesta.

Gler seg til å halde fram i arbeidslivet

Det har vore nokre tunge år for Arild Espenes. Han har følt seg mykje åleine. Misforstått. Utan mogelegheit til å bidra i samfunnet.

Han takkar Rasmussen og fagforeininga si for at han er i ferd med å ta livet tilbake, som han sjølv formulerer det.

Denne veka er han attende i jobb i Bergen kommune. No har han fått ein mentor som har blitt kursa i kva det kan bety å ha Aspergers. Og han har fått arbeidsoppgåver Espenes trur er perfekte for han.

No vil han fortelje sin historie, for kanskje å hjelpe andre som har liknande utfordringar som han har sjølv.

– Det er viktig å vere ei stemme for dei som ikkje har ei stemme. Eg har ikkje lyst til at andre skal bli behandla slik eg har blitt.

Arild Espenes i Fagforbundet sine lokaler.

Denne veka er Espenes tilbake i Bergen kommune som tømrar.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK