Hopp til innhold

Årets varmaste dag fleire stadar – nedtur til veka

Det fine vêret fortsett i morgon, men frå tysdag kjem eit lågtrykk vest og øydelegg moroa for mange.

kos i sola i Nygprdspakren i bergen

MANGE: Det har nok vore både varmare og fleire folk i Nygårdsparken, men mange tok turen ut i sola sundag.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Gatene og parkane i Bergen har denne helga vore godt besøkte. Ikkje berre har mange vore på Bryggen og Torgallmenningen. Nygårdsparken var også eit ynda mål for solglade bergensarar.

– Det er heilt magisk, seier Malin Rusten (21), som hadde teke turen saman med ein gjeng kollegaar og vener.

Dei hadde sete i lukta av grillukt og parkgras i fire timar då NRK vitja staden.

– Alle har gleda seg til at korona skulle enda. Me ser lyset i det fjerne, det er oppe på himmelen i dag, seier Rusten.

Nygårdsparken sol kos april

GJENG: Malin Rusten (21, t.v.), Elise Skarstein Gundersen (21) og Johan Nordstrand saug til seg solstrålane i Nygårdsparken sundag.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Nygårdsparken ligg like ved målestasjonen på Florida. Der vart det i dag målt 18 grader, det høgaste som er målt til no i år.

Mange har også nytta høvet til å testa temperaturane i vatnet denne helga, men ikkje gjengen i Nygårdsparken.

– Nei, nei, nei. Det er altfor tidleg, seier Elise Skarstein Gundersen.

Ivar Fidjestøl

BADING: Ivar Fidjestøl (12) stara badesesongen i Førde sundag. – Det var kaldt. Men gøy. Eg har hoppa frå brua før. Men aldri så tidleg som i april.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Varmt austanfjells også

Bergen vart likevel ikkje den varmaste staden i landet i dag. Etne låg lenge an til å ta dagens høgaste temperatur med 19,1 grader, før målestasjonen i Tønsberg klokka inn på 19,3 grader.

– Den kom inn klokka seks. Det er sjeldan at dei kjem så seint på kvelden, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.

På Blindern i Oslo vart det i dag målt til 18,2 som høgaste temperatur. I Trøndelag tok Frosta sigeren med 17,7 grader.

– Det er fine apriltemperaturar det også, seier Haga.

I Finnmark var temperaturen 12,3 grader på sitt høgaste, i Pasvik. I Tromsø vart det målt 9,2 grader.

Noreg, skydekket 17. april

HEILE LANDET: Laurdag og sundag har ein kunna sjå nesten heile Noreg utan skyer frå verdsrommet. Illustrasjonen visar laurdag.

Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Lågtrykk neste veke

Måndag held truleg det fine vêret fram for store delar av landet.

– Det skal vera ei mogelegheit for enno høgare temperaturar i morgon, kanskje ei lita grad eller to opp. I morgon kan det i Vestland kanskje bli ein sommardag, der me får 20 grader eller meir, og lettskya pent ver, seier Haga.

Men så kjem eit lågtrykk frå nord sigande innover tysdag. Aller fyrst treff det Vestlandet.

– Det blir ikkje så mykje nedbør, det blir nok litt nedbør fram til onsdag, og så blir det ganske nedbørsfattig og lange periodar med sol utover i veka, seier meteorologen.

– Temperaturane kan søkka til under ti grader. Nattetemperaturen kan enkelte stadar smyga seg så vidt under null, for eksempel inne i fjordane, der denne vinden ikkje tar, seier Haga.

– Eg vil tru at det blir ein nedtur for mange.

Dempar gras- og bråtebrannfare

Regnet er likevel ikkje berre dårleg. Dei siste dagane har det vore stor gras- og lyngbrannfare aust og sør i landet. Meteorologisk institutt har også vurdert å senda ut farevarsel på Vestlandet.

– Denne nedbøren kjem bidra til å dempa faren, seier Haga.

Gjengen i Nygårdsparken tar lett på vêromslaget.

– Me bur i Bergen, så me er vane med det. Det eine augneblinken kan det snø, så kan det vera sol, før det regnar litt. Men me kan ikkje klaga, seier Joachim Toalango Borlaug.