Hopp til innhold

Regjeringa skulle «raskt» gjenopplive gamle domstolar – dette har skjedd

I 2021 varsla regjeringa at ho «raskt» ville gjenopplive gamle domstolar. Tre år seinare har lite skjedd.

Hardanger tingrett

SORENSKRIVARGARDEN PÅ LOFTHUS: I 2021 vart Hardanger tingrett og Bergen tingrett slegne saman til Hordaland tingrett. Men Lofthus er framleis ein rettsstad.

Foto: Riksantikvaren

Ved nyttår fekk Noreg fire «nye» fylke og ein «ny» kommune (Haram) etter at regionreforma vart gjort om.

Men reverseringa er ikkje over med det.

I Hurdalsplattforma har regjeringa også lagt prestisje i å gå attende til den gamle domstolsstrukturen frå 2021.

Det er likevel ingen løyndom at den politiske viljen bak lovnaden er ulik hos dei to regjeringspartnarane.

Ifølgje Aftenposten har stortingsgruppa til Arbeidarpartiet signalisert at regjeringa bør vurdere saka på nytt, «med pragmatiske auge».

Bakgrunnen er at den nye ordninga får gode skottsmål og har rokke å setje seg.

Også ved Kongens bord skal det vere regjeringsmedlemmer som meiner det er like greitt å føre vidare dagens struktur, tre år etter at justisminister Emilie Enger Mehl varsla at ho ønskte ein «rask» reversering.

tingretter

Kartet viser inndelinga av tingrettar og rettsstader etter at reforma tredde i kraft.

tingretter2

Talet på rettsstader er det same som før, og det går framleis føre seg rettssaker der. Men desse rettsstadene har ikkje eigen leiar og blir styrt av sorenskrivaren i tingretten i området.

Hardanger tingrett

Hardanger tingrett, eller Sorenskrivargarden på Lofthus, har vore kalla den finaste rettsbygningen i Noreg.

Sogn tingrett

Ei spørjeundersøking blant Dommerforeningens medlemmer (2022) viste at eit stort fleirtal ikkje ønskte ei reversering.

Regjeringa: Forstår at det er ønskjeleg med ei snarleg avklaring

Betyr tidsbruken at regjeringa har forsona seg med den nye domstolsstrukturen?

Nei, forsikrar statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen til NRK.

Hurdalsplattforma ligg framleis til grunn når det gjeld domstolsstruktur, seier han.

Han viser til at departementet har fått 450 høyringssvar og at dei har «brukt tid for å ta omsyn til desse best mogleg».

Vi har sjølvsagd forståing for at det er ønskjeleg med ei snarleg avklaring på strukturspørsmålet, legg han til.

Jonas Gahr Støre

Lagnaden til domstolsreforma er framleis uviss. No aukar presset på å behalda ho. I eit juleintervju vart statsminister Jonas Gahr Støre sitert på at det «no er slutt på reverseringane».

Fjordane tingrett 4

Sogn og Fjordane hadde tidlegare fire ulike rettsstader: Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Fasadebilde av Søndre Østfold tingrett, rettssted Halden

– Domstolsreforma har bidrege til raskare avvikling i saker som involverer barn, seier Ivar Stokkereit, fagsjef hos Barneombodet.

fSe7FgvwRWY

– Det er veldig slitsamt å gå i uvisse, og dei tilsette fortener å få eit svar, seier Rita Boine, leiar for Parat domstolane.

Vestre Finnmark tingrett i Alta.

Vi treng å vita kva som blir vegen vidare

26. januar er det to år sidan Justis- og beredskapsdepartementet sende forslaget om å endre domstolsstrukturen ut på høyring.

I høyringsnotatet argumenterer regjeringa for at «stadleg leiing ved kvar rettsstad har klare fordelar ved at det er enklare å leie ein tingrett som ikkje er spreidd på mange rettsstader».

To år seinare fordeler tilsette i domstolane og domstoladministrasjonen seg i to leirar:

Dei som berre ønskjer ei avklaring; og dei som vil ha ei ny kartlegging.

Grunngivinga for det siste er at tidlegare reversering-entusiastar kan ha endra ståstad sidan høyringsfristen gjekk ut.

Les også Nå blir det revers for domstolene

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil reversere den forrige regjeringens domstolsreform og gjenopprette alle landets gamle tingretter.

Vi ønskjer ikkje endå ei trenering med ny høyringsrunde, men meiner det er viktig med ei ny kartlegging, seier Wenche Nilsen, som er hovudtillitsvald i NTL Domstolene.

Ho presiserer at det viktigaste er closure, altså eit punktum å forhalda seg til.

Skal domstolsreforma førast vidare eller blir reversert, eventuelt delvis bli reversert? Vi tilsette i domstolane forheld oss til politiske avgjerder, men no treng vi å vita kva som blir vegen vidare, seier ho.

Høring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite om habilitetsbrudd

– Trusselen om reversering heng som ei forbanning over domstolane. Det er på høg tid å avslutta denne sagaen no, seier leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Peter Frølich (H).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Saksbehandlingstid er vesentleg redusert

I haust konkluderte Riksrevisjonen med at domstolane var i ferd med å friskne til etter at dei i 2019 tok i bruk den sterkaste kritikkforma.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen la fram rapporten torsdag.

– Riksrevisjonen ser positivt på at gjennomsnittleg saksbehandlingstid for meddomsrettssaker i tingrettar er vesentleg redusert, skriv riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Domstoladministrasjonen (DA) meiner det er domstolsreforma som bidreg til ein meir effektiv domstol.

Det same har Dommerforeningen, Advokatforeininga, Juristforbundet, Høgsterett og Riksadvokaten uttalt.

Jo lenger tid som går, desto vanskelegare blir det naturleg nok å reversere domstolsreforma, seier Jon Wessel-Aas i Advokatforeininga.

Han trur tida speler på lag med dei som vil behalda dagens tingrett-struktur (23).

Alt i alt trur eg regjeringa vil velje å lytte til fagmiljøa og sjå på erfaringane vi no har, og leggja bort reverseringsplanane. Av omsyn til domstolane og rettssystemet håpar eg det skjer raskt.

Jon Wessel-Aas. Advokatfirmaet Lund & Co DA.

– Jo lenger tid som går, desto vanskelegare blir det å reversera domstolsreforma, seier Jon Wessel-Aas i Advokatforeininga.

Foto: Monica Kvaale