- Det får konsekvensar, seier bestyrar Sissel Rødset Pedersen ved Vitusapotek Stryn. Apoteket må kutte i opningstidene fordi dei manglar ein apotekar.
- Det er slitsomt i lengda, for eit apotek er avhengig av å vere bemanna med farmasøyt. Så lenge ein er åleine, så er ein nøydd for å vere her heile tida, seier ho.
Stor slitasje
Jan Oddvar Kilsti ved Sjukehusapoteket Førde har også bruk for minst tre ulike fagfolk for å vere komplette. Han ser ikkje lyst på å finne fagfolk han treng framover. I dei fleste tilfella meiner dei ulike apoteka vi har vore i kontakt med at mangelen ikkje kan merkast av folk, men at slitasjen er svært stor på dei som jobbar der.