Til vanleg heiter ho Annie Sørvig, og er masterstudent på Universitetet i Bergen.
Men i det ho entrar scena er blir ho «Maple Thorpe».
DRAG: Annie Sørvig som Maple Thorpe.
Foto: Ronja Elise Wang / NRK– Drag er kva ein gjer det til. Det finst ingen reglar for kva ein kan gjera i drag.
Ho må setja av fire timar til å dressa seg opp. Éin til kostyme og parykk, og tre til sminke.
Grunnen til at ho set pris på denne kunstforma på grunn av dei frie tøylene som sjangeren tilbyr.
Drag, er som oftast definert som eit mellombels skifte av kjønnsuttrykk, som oftast i form av ein framsyning på scena.
Ein nyttar ofte ytre effektar i begge retningar mellom dei to kjønnsmajoritetane, kvinner og menn. Derfor snakkar ein om «dragkings» og «dragqueens».
Men det finst ingen reglar for kven som kan vere dragking og dragqueen, meiner Sørvig.
Namnet Maple Thorpe kjem av den amerikanske fotografen Robert Maplethorpe, som mellom fotograferte homofil BDSM-kultur på 70- og 80-talet.



– Drag er kva ein gjer det til
24-åringen har alltid hatt ein fascinasjon for klovnar. Mykje av sminka og kostyma hennar har klovneaktige trekk.
– Det er noko med klovnar som er ekstremt fascinerande. Dei er så vakre, på ein så rar måte. Dei er menneskelege på ein så umenneskeleg måte, seier Sørvig.
FRIE TØYLER: Det går mykje i klovnesminke- og klede når Annie får frie tøyler.
Foto: Natalie Fredbo SundHo byrja med drag gjennom gruppa Haus of Friele i 2019. Gruppa held til på Fincken i Bergen, som er ein LGHBT-klubb, der dei opptrer med ulike framsyningar i tide og utide.
– Eg har alltid vore veldig kreativt anlagt, og drive mykje med illustrasjon, seier Sørvig.
Sminkejobben tek tid, og vanlegvis sminkar ho seg heime og reiser inn til byen. Der kan ho fort få ein del skeptiske blikk av medpassasjerar på bussen eller bybanen.
Alt av nervøsitet forsvinn i det ho går på scena. Adrenalinet aukar.
Foto: Ronja Elise Vang / NRK Foto: Ronja Elise Vang / NRK Foto: Ronja Elise Vang / NRK
Dragmiljøet i Noreg er veksande, og har blitt meir synleg i media og populærkulturen dei siste åra.
Det har mellom anna dukka opp TV-program der kjendisar dressar seg opp, i tillegg til å ha fått ei eiga drag-linje på Arbeiderbevegelsens folkehøgskule i Ringsaker.
Annie er usikker på nøyaktig kor mange i Noreg som er dragkings, men anslår at det er rundt 30.
I Bergen er det berre fire av dei.
Dragqueens er det langt fleire av.
Syr kostyma sjølv
Mange av kostyma ho brukar, syr ho sjølv, av stoff ho kan finne på gjenbruksbutikkar.
– Det er eit eller anna som er så kult når ein ser folk i drag, seier Sørvig.
Ho meiner at folk blir ein meir grandios utgåve av seg sjølv i det dei tar på seg flamboyante klede og eit tjukt lag med sminke.
Sørvig håpar å halde på med drag ei god stund til.
PÅ SCENEN: Maple Thorpe helsar til publikum
Foto: Ronja Elise Vang / NRK