Hopp til innhold

Anna stoppar dårleg kledde turistar på veg opp Trolltunga: – Nokon kjem i «Crocs»

Røde Kors må henta fleire slitne og bortkomne turistar i fjellet no enn før. Men på Trolltunga har dei fått ned talet på hjelpeaksjonar.

Anna Hågøy Bostad viser turistane.

INFORMERER: 16 år gamle Anna Hågøy Bostad står vakt ved starten av den lange turen til Trolltunga.

Foto: Tale Hauso

– Me kan jo ikkje stoppa dei frå å gå opp. Men det er mange som tenkjer seg om etter me har prata med dei.

Anna Hågøy Bostad står i pøsregn i Skjeggedal i Hardanger.

Bak ho ruvar fjell med foss og glatte steinar. Ein ti til tolv timar lang gåtur lenger inn i landet ligg Trolltunga.

Hittil i år har 32.000 personar gått turen opp til det ikoniske fjellpartiet. Det er rekordmange, men likevel har langt færre fått hjelp ned frå fjellet no enn tidlegare.

I 2016 måtte redningsmannskap hjelpa turistar i 42 aksjonar. Så langt i år har det vore 12. Berre under koronapandemien var talet lågare.

Årsaka er mellom anna Bostad og kollegaene, trur Røde Kors og Trolltunga AS.

Anna Hågøy Bostad viser turistane.

Det var vått og kaldt på starten av turen opp Trolltunga måndag. Likevel hadde dei fleste kledd seg etter vêret.

Foto: Tale Hauso / NRK

Turistar kjem i «Crocs»

Bostad har nemleg sommarjobb som vakt. Ho stoppar gåande som har kledd seg for dårleg for den lange turen til Trolltunga.

– Me forklarar at det er ein veldig lang tur og spør om dei har meir klede med seg. Så anbefaler me dei å ta på seg noko varmare.

Dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen, seier dei såg seg nøydd til å innføra vakter, for å hindra at turistar tok fatt på den strabasiøse fjellturen utan ordentlege klede.

Åse Marie Evjen, Trolltunga AS

Åse Marie Evjen i Trolltunga AS seier dei aller fleste som går turen opp Trolltunga har kledd seg godt og er førebudd på den lange turen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Nokon kjem i «Crocs» i mai, med tre meter snø. Andre kjem i dongeribukse og glatte joggesko i regnvêr.

I turistbutikken kan dei gåande leige seg utstyr, som regnklede og tursko.

Evjen understrekar at dei aller fleste kler seg veldig bra, men at rundt ein prosent at dei besøkande ikkje har lese seg opp på førehand, eller kledd seg etter forholda.

– Og ein prosent av 100 000 blir 1000. Det er ein god del dårleg kledde menneske, seier leiaren.

Du kan låne turkle i Skjeggedal hos Trolltunga Active.

I Skjeggedal kan ein leiga klede frå Trolltunga Active.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fleire henteaksjonar i vest

Men sjølv om ein ser at henteoppdraga går ned på eit av Noregs mest populære turmål har Røde Kors Hjelpekorps meir å gjera.

Dei siste to åra har me sett ei markant auke i henteoppdrag, seier Einar Irjan Ananiassen i Hordaland Røde Kors.

I 2019 hadde Røde Kors 427 henteoppdrag nasjonalt. I fjor var det over 200 fleire.

Så langt i år har det vore 415, med over fem månadar igjen av året.

– Meir pågang i fjellet gjere at me oftare må rykka ut for å redda folk som ikkje er godt nok førebudd, seier Ananiassen.

Seinast søndag kveld vart fire amerikanske turistar redda ned frå fjellet i to ulike redningsaksjonar i Voss herad.

Redningsaksjon Voss Lønahorgi

Slettemark i Voss Røde Kors seier dei først såg mørkt på å finna dei to bortkomne amerikanarane ved Lønahorgi i Voss. Heldigvis vart dei funnen og redda ned frå fjellet 1410 moh.

Foto: Voss Røde Kors Hjelpekorps

– Dei hadde for lite kle og utstyr då uvêret kom, seier Rune Granli Slettemark i Voss Røde Kors Hjelpekorps, som var med på aksjonen ved Lønahorgi på Voss.

Men han seier at dei gjorde alt rett i å søka hjelp.

– Det å tørre å gje beskjed er viktig.

Han har eit godt tips om du skal ut på tur. Ta med ein straumbank for ekstra batteri til telefonen.

– Me fekk raskare funn på Lønahorgi grunna sporing av telefonen. Det kan redda liv, seier Slettemark.

Les også Salim og Marie-Line gjekk mot Trolltunga i joggebukse – utløyste full redningsaksjon

Trolltunga redning

«Fantastic!» – sjølv i øsande regnvêr

I Skjeggedal i Hardanger er det mange som snur eller skiftar klede etter ein prat med Anna Hågøy Bostad og kollegaene.

– Men nokon fortset oppover. Som oftast snur dei etter ei lita stund og kjem ned igjen, seier ho.

Amerikanske Bruce Barger og Shelly Blancq fullførte den lange turen i øsande regn måndag.

Bruce Barger og Shelly Blancq frå New York.

Bruce og Shelly hadde reist heilt frå New York for å blant anna gå den ikoniske turen opp til Trolltunga.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det var fantastisk. Det var verdt regnet og smerta, seier Bruce.

Dei følte seg godt førebudd til turen. Likevel trur dei at mange ikkje får med seg nok informasjon om kor tøff han faktisk er.

– Me såg folk med «flip flops» der oppe. Om ein ikkje leitar etter informasjonen sjølv er det kanskje ikkje så enkelt, seier Bruce.