Hopp til innhold

Fryktar nedlegging av lensmannskontor kan føre til endå lengre responstid for politiet

Fleire titals lensmannskontor kan bli lagde ned i åra som kjem. No fryktar fleire politifolk at responstida kan bli endå lengre.

Webjørn Moa og Kjetil Drange om responstid

RESPONSTID: Eid-lensmann Webjørn Moa og Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund trur ikkje nedlegging av lensmannskontor vil vere positivt for responstida til politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Montasje: NRK/NTB/Scanpix

Den såkalla politianalysen legg opp til å kutte 144 lensmannskontor landet over, 14 av dei i Sogn og Fjordane.

Blant kontora som kan bli kutta er lensmannskontoret i Årdal, kommunen der trippeldrapet på Valdresekspressen skjedde måndag. Det var ingen på vakt i Årdal då alarmen gjekk, og politiet som var på vakt, var over fem mil unna, i Lærdal.

Om nedlegginga av fleire titals lensmannskontor blir realitet fryktar fleire politifolk at responstida kan bli endå lengre.

– Eg trur det er trygt for folk å vite at det er politifolk i bygda. Då har ein tilgang til det ein treng om noko skulle skje, og politiet kan kome til når det trengst, seier Eid-lensmann, Webjørn Moa.

Får krass kritikk for responstid

Lensmannen i Eid kommune viser fram rommet der dei seks politifolka i Eid har beredskapsutstyret og våpen forsvarleg innelåst. Kontoret han styrer er eitt av dei 144 lensmannskontora som kan forsvinne heilt om Politianalysen blir følgd opp.

Måndag brukte politipatruljen i Sogn ein time og 14 minutt på å kome fram til åstaden der tre menneske vart brutalt drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal. Også der kan lensmannskontoret bli nedlagt.

Politiet har i etterkant av aksjonen fått krass kritikk for at det tok så lang tid, og både justisministeren, politidirektøren og politimeisteren i Sogn og Fjordane har sagt at dei vil ha ein gjennomgang av responstida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bussen i Årdal blir frakta vekk

TRIPPELDRAP: Tre personar vart drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal til Oslo måndag. Politiet har i etterkant fått krass kritikk for lang responstid.

Foto: Øyvind Bye Skille/NRK

Trur ikkje samanslåing vil gjere ting betre

Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, er ikkje overraska over at politiet brukte så lang tid. Han meiner responstida kunne vore endå lengre.

– Det var ikkje sjølvsagt at det skulle vere ei aktiv politipatrulje på den sida av fjorden. Til andre tider kunne den ha vore på andre sida av fjorden, seier han.

I Årdal var det til slutt den lokale lensmannen som var første politimann på åstaden. Lensmann Magne Knutsen kom før vaktpatruljen, trass i at han vart alarmert 19 minutt seinare enn patruljen i Lærdal.

Drange meiner lokalt politi er viktig for beredskapen.

– Vi fryktar at det ved ei samanslåing, enten det gjeld politidistrikt eller lensmannskontor, så vil ressursar bli trekte inn mot sentera. At det for Sogn og Fjordane sin del skal bli betre etter ei samanslåing, enten på distriktsnivå eller lensmannskontor, det er eg veldig tvilande til, seier Drange.

(Artikkelen held fram under)

Statsminister Erna Solberg (H) svarte på spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) om politiets responstid i Stortingets spørretime.

Vil ha politi på hjul

I spørjetimen i Stortinget i går ville statsminister Erna Solberg ikkje seie når regjeringa er klare til å seie noko om politiet si organisering. Samstundes er ho open for å legge ned fleire lensmannskontor.

Ho viste til at ein del av lensmannskontora i dag har kort opningstid, og driv med det sivilteneste og ikkje politifaglege tenester.

– Det vi treng er den kapasiteten som er ute på hjul, og som raskt kan kome til staden. Det må vere ein prioritet i det arbeidet som skal skje med politianalysen, sa Solberg.

Ho meinte vidare at det er viktig å ta lærdom av den tragiske hendinga.

– Kan ikkje erstatte politi i kommunen

Også politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, er tvilande til effekten av å leggje ned mange kontor.

– Det er klart vi vil ikkje få ei veldig kvalitetsheving berre ved å snu om på mannskapet. Vi har dei folka vi har og den geografien vi har, men det kan godt vere at vi kan få den noko betre, seier Iden til NRK.no.

Eid-lensmann Webjørn Moa åtvarar på si side mot å tru at rullande patruljar kan erstatte dei seks politifolka som i dag bur og jobbar i kommunen.

– Bilane og dei patruljane som skal vere, vil ikkje til ei kvar tid kunne vere på desse tettstadane. Det vil gjere at det kan ta lang tid for politiet å kome til om det er nokon som har problem, seier Moa.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kart - Køyrde mange mil omveg» i nytt vindu