Hopp til innhold

Får tredd asylmottak ned over seg – no er han grundig lei

Rådville kommunar får tredd asylmottak over seg, og meiner dei har lite dei skulle sagt. I Stryn ventar ordførar Sven Flo over 100 asylsøkjarar, han meiner kommunen blir sett på sidelinja.

Sven Flo

MISNØGD: Ordførar i Stryn, Sven Flo, er svært kritisk til korleis asylmottak vert etablert i kommunane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg er kritisk til det. Vi er ikkje del av den prosessen, og det tykkjer eg er dårleg. Det bør ein få gjort noko med relativt raskt, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Bussdrapet i Årdal har reist ein debatt om korleis kommunane er rusta til å ta i mot asylantar.

Stryn er ei av mange kommunar i Norge som kan eller alt har fått asylmottak.

To selskap, Norsk Folkehjelp og Norsk Mottaksdrift har lagt inn anbod til UDI og vil etablere mottak på mellom 130 og 150 plassar.

Meiner utgangspunktet er håplaust

Men kommunen, som skal gi asylsøkjarane helsehjelp, skule og ei rekkje andre tilbod, veit fint lite om kva som skjer.

– For ein kommune som Stryn, og for så vidt alle andre kommunar, er det eit ganske håplaust utgangspunkt når ein ikkje får kunnskap om det som skjer, seier Flo.

Han peikar på at dei ikkje får vite kor i kommunen det vert forhandla om etablering, kva bygningsmasse ein har tenkt å bruke, om ein tek inn over seg kapasitet i skule og barnehage, kva for ein helsekapasitet som finst og korleis ein skal innrette seg når det kjem opp mot 150 asylsøkjarar til kommunen.

– Alle desse tinga er det kommunen som best kan fortelje tilbydarane, seier Flo.

Meiner situasjonen er krevjande

Trippeldrapsaka på Valdresekspressen der ein asylsøkjar er sikta har reist debatt om kor godt lokalsamfunn er rusta til å gi velferd til asylsøkjarar på eit mottak. Årdal kommune opplevde å få 150 asylantar i løpet av kort tid i august i år.

I Høyanger har ordførar Petter Sortland (Ap) fått varsel om at det kan kome mottak i kommunen, men har sidan ikkje høyrt så mykje meir.

Petter Sortland

KREVJANDE: Høyanger-ordførar Petter Sortland, har same kritikken til systemet som ordførarkollega Sven Flo.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Så lenge som vi ikkje får bestemme korkje talet på eller kor mottaket skal vere, om det skal vere sentralisert eller desentralisert mottak, tidspunkt eller om det er samkøyrt med budsjettprosessar, eller teke høgde for kapasitet på skular og i barnehagar, så vert det krevjande, seier Sortland.

Kommunane i Norge har lite dei skulle sagt, om private tilbydarar ynskjer å opprette mottak og vinn anbod hjå staten.

Ein kommune kan ikkje seie nei

Avdelingsdirektør Christine Wilberg hjå UDI seier at kommunane får draghjelp gjennom eit grunntilskot, i tillegg til nær 10.000 kroner i årleg tilskot per asylsøkjar, Utover det må kommunane ta ansvaret for asylantane som kjem.

– Når vi går ut med behov for nye mottaksplassar, så gjer vi det via vanlege anbodsrundar. Når det vert bestemt, så får dei endeleg beskjed og kan setje i gang med å byggje opp eit tenestetilbod. Men vi har forståing for at det kan ta litt tid, seier Wilberg.

– Burde kommunane i større grad få påverke om dei skal ha asylmottak, og korleis?

– Det er politisk bestemt at det skal vere lokalisert asylmottak over heile landet. Det er ikkje noko kommunane kan seie nei til, seier Wilberg.

Christine Wilberg

MÅ TA IMOT: Avdelingsdirektør i UDI, Christine Wilberg, understrekar at kommunar ikkje har moglegheit til å takke nei til asylmottak.

Foto: Nora Lie/UDI

– Kva har UDI gjort for å forsikre seg om at kommunane er i stand til å ta i mot så mange asylsøkjarar som dei faktisk får tilsendt?

– Alle vertskommunane får eit vertskommunetilskot kvart år. I tillegg får dei ein sats per bebuar i mottaka, alt etter kva mottak det er, seier Wilberg.

– Men hadde det ikkje vore tryggande om ein visste at alt var klappa og klart før ein starta å etablere asylmottak?

– Det hadde vore det ideelle, seier Wilberg.

Meiner systemet ikkje fungerer

Ordførar Sven Flo i Stryn meiner i alle fall at kommunen han leiar ikkje kan ta i mot 150 asylsøkjarar no.

Han vil rå kommunestyret til å seie nei. Han meiner dagens system ikkje fungerer.

– Det er mange sider ved dette som eg føler haltar. Vi skal ta ansvaret vårt, men då må vi ha eit system som fungerer. Det tykkjer eg ikkje at det gjer i dag, seier Flo.

UDI skulle etter planen ha avgjort førstkommande fredag om det skal opprettast asylmottak i Stryn. Avgjerda vert no utsett, då UDI ikkje har kapasitet til å avklare saka i Stryn, etter trippeldrapa i Årdal.