Hopp til innhold

Ampre sunnfjordingar dominerer politiloggen i Vest

– I natt trur eg faktisk at det har vore fleire oppdrag i Sunnfjord enn i Bergen, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt.

Festplassen i Førde

AMPERT: Det var ampert på Festplassen i natt, der både russ og mange andre samla seg. Men heller ikkje denne natta er det mykje spor etter russen i politiloggen til Vest politidistrikt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har vore ei høvesvis roleg natt på politifronten i Hordaland, medan hovudsakleg rusa menn i 20-åra sytte for ei hektisk natt for patruljane i Førde.

Verd å merke seg; heller ikkje i natt har russen sett spor etter seg i politiloggen.

– Kvifor det vart slik i natt, er uråd å seie, men vi har ikkje loggført eller blitt varsla om større arrangement som skulle tilseie at det var meir folk samla i natt. Heldigvis har det ikkje vore dei større hendingane, og heldigvis har ingen kome til skade, seier Mjelde.

Tømde pulverapparat

For loggen til operasjonssentralen viser at det har vore amper stemning både på Festplassen og i Storehagen gjennom natta. Det byrja like før midnatt då to aggressive unge menn tømde eit pulverapparat mot folk på Festplassen, der både russ og mange andre var samla. På den eine fann patruljen også ein slåsthanske.

Den eine var like under 18 år. Den andre rett over. Begge vart vist vekk av politiet.

– Nokre minuttar var dei ved Burger King, der den eine sparka til ein annan. Den yngste vart køyrt heim, medan eldstemann vart sett i arresten. Han blir meld for ordensuro og for å ikkje ha etterkome pålegg frå politiet, seier Mjelde.

Ampert på Festplassen

Dei neste timane fekk politiet tre-fire ulike meldingar om ordensuro og slagsmål på Festplassen. Like før klokka 01 melde Natteravnene om fem personar i 20-åra som var involverte i eit slagsmål.

Russen var ikkje involvert. Det var roleg på staden då politiet kom.

– Patruljen fann ingen mistenkte, men snakka med to som sa dei var fornærma. Ingen vart skadde, men dei som meiner dei vart utsett for noko kan melde i etterkant, seier Mjelde.

Like før klokka 02 opplevde ein annan å få flasker kasta etter seg.

– Politiet rykte ut og vart att på staden. Det var litt ampert då, seier Mjelde og fortel at patruljen var tilbake noko seinare etter ny melding om amper stemning.

Aggressiv på Best

Resten av natta var det i Storehagen det skulle skje. Klokka 0243 tikka det inn melding om ein aggressiv mann i 20-åra på Best-stasjonen.

– Han slo i vindauge og kasta rundt på flasker og diverse. Saka vart avslutta med ei bortvisning og pålegg om å halde seg vekke frå sentrum til i dag, seier Mjelde.

– Hendinga gjekk ikkje utover tilsette, men stasjonen kan melde saka om noko er øydelagt, legg ho til.

Leikesloss

Nokre minuttar seinare vart tre personar involverte i eit slagsmål på restauranten Venezia viste vekk. Alle var menn, tidleg i 20-åra.

Natta vart avslutta med to nye oppdrag og tre nye menn i 19-20-åra som vart viste vekk frå Best-stasjonen. Den eine oppførte seg truande mot ein vektar. Dei to andre leikesloss.

– Det stod fram som ampert og reelt for meldar. Begge vart viste vekk frå sentrum, seier Mjelde.